Elkem i Kristiansand har utvikla ein ny prosess som fører til kraftig reduksjon i energiforbruket ved framstilling av silisium for solceller. Den nye teknologien kan bli eit viktig bidrag i kampen mot klimautslepp, og den viser at tradisjonell norsk industri kan fornye seg og skape framtidsretta arbeidsplassar. I dette perspektivet er det grunn til å undre seg over at nasjonale politikarar, miljøorganisasjonar og forskingsbyråkratar ikkje har vist større interesse.

Solceller vil ikkje få nokon sentral plass i energiforsyninga i Noreg dei nærmaste åra. Men i eit globalt perspektiv har den nye framstillingsmetoden for silisium til solceller stor verdi. I enkelte land som har meir sol og mindre vasskraft enn Noreg, er solceller alt i dag ein viktig del av den kommersielle energiforsyninga. Med dagens teknologi må ei solcelle vere i drift i om lag tre år før den har produsert så mykje energi som det går med til å framstille den. Ved å ta i bruk den nye prosessteknologien som Elkem har utvikla, blir denne perioden redusert til under eit år. Netto energiproduksjon får dermed ein formidabel auke, og solceller kan bli eit viktigare og meir attraktivt element i arbeidet for å redusere utsleppa av klimagassar.

Det er freistande å samanlikne den lite påakta revolusjonen ved Elkem Solar med alt oppstyret omkring CO2-handtering for gasskraftverket på Mongstad. Når prosessindustrien har pressa fram gasskraftverk sjølv om vi har meir miljøvennlege alternativ, er bygging av anlegg for CO2-handtering heilt nødvendig. Dei teknologiske utfordringane i dette prosjektet har blitt samanlikna med å sende folk til månen, og det blir hevda at CO2-handtering vil vere vårt viktigaste bidrag til den globale kampen mot klimautslepp.

I eit globalt perspektiv kan den nye teknologien for framstilling av silisium til solceller få minst like stor miljøeffekt som teknologiutviklinga på Mongstad. Og dei teknologiske utfordringane i den nye silisiumprosessen står ikkje noko tilbake for dei utfordringane som Statoil står overfor når firmaet skal ta i bruk CO2-handtering. Men det ser ut til at politikarar og miljøorganisasjonar har engasjert seg så sterkt i dialogen med gasslobbyen, at dei ikkje i same grad har klart å følgje med på utviklinga av fornybare energikjelder.

Statoil som skal bygge gasskraftverket på Mongstad, har velta milliardkostnadene for CO2-handteringa over på statskassa. Politikarar og miljøorganisasjonar har engasjert seg sterkt i finansiering av CO2-handtering for å redusere miljøulempene ved bruk av gass. Men dei har ikkje vist den same interessa for å støtte opp om teknologiutvikling for fornybar energi, for eksempel ved Elkem i Kristiansand. La oss berre vone at CO2-handtering ikkje stikk av med så mykje forskings— og utviklingsmidlar at det blir lite att til silisium for solceller og anna miljøvennleg energi.

Vedtaket om å investere i den nye produksjonsteknologien for reint silisium er også spennande i eit industripolitisk perspektiv. Tradisjonell norsk industri, ikkje minst metallurgisk industri, står overfor store utfordringar. Dei nærmaste åra vil vere avgjerande for framtida til store deler av denne industrien. Elkem Solar er eit eksempel på at utfordringa kan møtast med langsiktig kompetanseutvikling og omstillingsevne.

Elkem Solar er ei påminning om at vi treng ein meir nyansert næringspolitisk debatt i Noreg. Av og til kan ein få inntrykk av at billegare kraft og meir asfalt er det einaste som skal til for å utvikle eit levedyktig næringsliv. Men i eit land med vårt kostnadsnivå er ikkje dette nok. Langsiktig satsing på kunnskap og evne til å utnytte kunnskap i næringsutvikling må til. Vi må ikkje gløyme at det nettopp er desse elementa som har skapt og vidareutvikla norsk industri, sjølv om også ressurstilgangen har vore eit viktig element.

Økonomar som ser på næringslivet i eit makroperspektiv, konkluderer ofte med at tradisjonell norsk industri må avviklast eller flyttast utanlands. Men då overser dei potensialet i den industrielle kompetansen som er utvikla gjennom generasjonar, og som finst i alle lag i organisasjonen frå operatørar til topputdanna forskarar. Det er nettopp denne kompetansen som ligg til grunn for Elkem Solar.

Forskingsmiljøet ved Elkem i Kristiansand har ved fleire tidlegare høve skapt teknologiske nyvinningar. Det bør vere nok å minne om Søderberg-elektroden og om den plagsame røyken som blei til kvalitetsproduktet microsilica. Eit slikt forskingsmiljø burde skape interesse blant næringspolitikarar som ønskjer å fornye norsk metallurgisk industri slik at deler av den kan overleve i Noreg. Det er ikkje nok å komme med viljeserklæringar i krisesituasjonar slik vi såg i Union-saka.

Det kan også vere interessant å sjå på norsk forskings- og innovasjonspolitikk i dette perspektivet. Noregs forskingsråd etablerte nyleg eit program som skal finansiere senter for forskingsdreven innovasjon. Mange ønska at også tunge industrielle forskingsmiljø som for eksempel Elkem Forsking skulle kunne bli med i programmet dersom dei hadde eit forpliktande samarbeid med relevante universitet. Men Noregs forskingsråd gjekk uventa imot å prøve ut ei slik ordning. Stortinget overprøvde dette standpunktet då forskingsmeldinga blei behandla, men reglane blei likevel slik at det er svært vanskeleg for forskingssenter med basis i tradisjonell industri å nå fram.

Mange tiår med teoretisk og eksperimentell forsking og utvikling ligg bak dei resultata som Elkem Solar no tar i bruk for å skape nye arbeidsplassar og eit betre miljø. Dette perspektivet kan det vere nyttig å ta med seg inn i den pågåande debatten om forsking og høgare utdanning. Universitet og høgskolar har mange viktige oppgåver i eit kunnskapssamfunn. Men det er ikkje gitt at dagens kunnskapsbehov bør styre utviklinga åleine, slik ein av og til fekk inntrykk av då debatten om Høgskolen i Agder var på sitt meste intense for ei tid sidan. Dagens utdanning og forsking skal legge grunnlaget for dei nyvinningane vi treng og det samfunnet vi ønskjer å skape mange tiår fram i tid.