Då Jens Stoltenberg var statsminister første gongen vart han inspirert av Tony Blairs: «Den tredje veg», og innførte stykkpris på behandling. Sjukehusa fekk pengar frå staten etter kor mange dei rakk å behandle. Sjukeheimane for eldre vart konkurranseutsette. Dette prissystemet har vi hatt sidan, og det ser ut til å vera ytterlegare skjerpa av dei utprega kapitalistiske folka som styrer no. Dei tenkjer alltid pengar først. Det er vi som menneske, pasientar og pleiarar som får kjenne systemet på kropp og sjel. Difor kom eg til å tenkja på to visittar til Feiring-klinikken A/S:

Feiring-klinikken

For ein del år sidan var Feiring ein fenomenal klinikk. Der var ro og harmoni, og pasientane vart raskt friske, men fekk den tid dei trengte. Det var eineståande kontakt mellom pasient og behandlar. På eit besøk ein del år seinare var det motsett. Pleiaren hadde tydeleg fått ordre om, og kanskje lønspålegg for, å få pasienten brennfort ut etter stykkpris-prinsippet. Aksjonærane vil tene masse pengar. Det kunne vera mykje å fortelja etter den visitten. Av desse erfaringane, og fleire, meiner eg å vera kvalifisert til å påstå at systemet er svært tvilsamt. Det går på helsa laus for pasientar og pleiarar.