Det er eit brennbart tema som Storhaug belyser på ein svært god måte. Eg fekk boka i julegåve, og sjølv om ho er på 330 sider så leste eg den ut på tre dagar!

Dette er ei bok som vi alle bør lese for temaet gjeld oss alle. Med all innvandringa frå Midt Austen har islam kome nær innpå oss alle. Storhaug skriv at om vi ikkje er vakne og demmer opp, så vil islam ta over heile styringa om ikkje så mange år. Det vil føre til at velstandssamfunnet vil falle og Noreg vil på ny verte eit fattig land!

Med sverdet i si makt

Muhammed vart fødd i Mekka i Saudi Arabia rundt år 570 og døydde i 632. Då hadde han med sverdet si makt lagt heile Den arabiske halvøya under islam. Etter at han vart sterk og mektig i Medina, gikk han bort frå all snakk om forsoning og fred, og ville drepe alle jødar og kristne. Enten så skulle folk vende om til islam eller så måtte dei late livet!

Etterfyljarane til Muhammed fortsatte i samme linja og no er nesten heile Midt Austen, Nord Afrika og Indonesia med til saman 1,5 milliard menneske under islam. Der det før var kyrkjer og kristne er det no berre moskear att. Det same er no i ferd med å skje i Europa og Vesten!

Kva kan vi gjere for å hindre dette? Saudi Arabia har betalt over 700 milliardar kroner for å finansiere moskear og islamske skular her i Vesten. Målet er at heile verda skal leggjast under Kalifatet, som er det islamske verdsriket.

Kva er det islam står for? Er det ein fredens religion som mange hevdar? Storhaug seier nei. Sjølv om der er mange fredelege muslimar så er innhaldet i islam ikkje fredeleg. Medina-islam står for trussel, terror, undertrykkjing og vold. Kvinner vert spesielt undertrykte og er nesten utan rettigheiter. Dei skal dekke seg til og helst berre halde seg heime. Ein mann kan ha fire koner og kan lett skilje seg, men ei kvinne kan ikkje skilje seg utan at ho har ei spesiell kontrakt på det. Kvinner vert no valdtekne av Islamsk Stat og vert selde på marknadar for nesten ingen ting. Det er grotesk å høyre om korleis IS opererar etter sin grunnleggar sitt foredøme!

La oss vere stolte av flagget vårt

Vi her i Noreg og Vesten må prøve å demme opp for dette mens vi har høve til det. I staden for å ta ned korset så skal vi reise det på nytt. La oss vere stolte av flagget vårt og over den kristne tradisjonen vi har. Vårt gudsbilete er at Gud er kjærleik. Forsoning, tilgjeving og fred er den bodskapen som Jesus Kristus kom med.

La oss vise omsorg for dei flyktningane som har kome, og syne dei at vi har ein religion og kultur som byggjer på betre verdiar! Noreg har vore eit godt land å bu i takka vere vår krisne arv. No er det viktig som aldri før å ta vare på den!Hans Reite.