For nokre dagar sidan blei det kjent at General Electric som er verdens største konsern, vil satse på miljøteknologi i Noreg. Selskapet vil drive forsking på havvindmøller i Oslo og utvikle prototypar i Trøndelag. Dette viser at Noreg er i ferd med å bli attraktivt for dei som ønskjer å satse på miljøteknologi.

Det internasjonale energibyrået, IEA, la nyleg fram rapporten World Energy Outlook 2009. Den diskuterer kva som må til for å nå FN sine klimamål og unngå ein gjennomsnittleg temperaturauke på meir enn to grader. Analysane viser eit stort investeringsbehov innan energiøkonomisering og miljøvennleg energi, noko som skaper ein sterkt veksande internasjonal marknad for miljøteknologi.

Norsk industri har gode føresetnader for å bli leiande innan grøn teknologi. Leverandørindustrien og verftsindustrien ligg på verdstoppen når det gjeld kompetanse og teknologiutvikling. Enkelte bedrifter i bransjen er alt i ferd med å utvikle nye produkt for miljøteknologimarknaden. Det gjeld blant anna botnfaste havvindmøller og spesialskip til montasje og vedlikehald av havvindmøller.

Norsk prosess— og materialindustri er også av høg internasjonal standard, blant anna fordi den tidleg satsa på reinseteknologi og energieffektivisering. Enkelte materialbedrifter har satsa på den nye marknaden for miljøteknologi. Solselleindustrien er kanskje det mest kjente eksempelet. Men vi har også mange andre som leverer høgteknologiske produkt til miljøvennleg energiproduksjon og energieffektivisering.

Vi skal heller ikkje gløyme byggebransjen og transportsektoren. Ifølgje det internasjonale energibyrået er det på desse områda vi har dei mest kostnadseffektive klimatiltaka på kort sikt. Smarthus og passivhus skaper interessante marknader både for materialindustrien og IKT-industrien i tillegg til byggebransjen. Mange analyser viser også ein veksande marknad for bioenergi. Andre generasjons biodrivstoff vil bli viktig for transportsektoren. Trepellets og flis kan bli viktig for lokale varmesentralar og som erstatning for kol i varmekraftverk og industriprosessar.

Menon Business Economics og Mandag Morgen la nyleg fram ein oversikt over grøn teknologi på Austlandet. Dei konkluderte med at det er om lag 12 000 tilsette som på ulike måtar arbeider med grøn teknologi. Rapporten diskuterer også utviklinga framover. Den peikar blant anna på at grøn teknologi utgjer ei ny type næringsklynge. Vi snakkar ikkje om ein bransje eller ein teknologi, men om ei tung bransjeovergripande utvikling.

Miljøteknologi eller grøn teknologi er ikkje ei nisje. Det er eit nytt hovudspor for industrien, ikkje minst i eit teknologisk avansert land som vårt. Noreg har spesielle føresetnader for å ta ein leiande posisjon på dette området som er viktig både for verdiskaping og for klima og miljø. Norsk industri blei tidleg stilt overfor strenge miljøkrav. Den tok utfordringane og utvikla gode miljøløysingar kombinert med meir effektive prosessar og meir spesialiserte produkt.

I dag har vi ein industri med høg fagleg kompetanse på alle nivå i organisasjonen, noko som gjer den veleigna for satsing på grøn teknologi. Den breie kompetansen er viktig når vi skal utvikle nye miljøvennlege produkt og prosessar. Slikt utviklingsarbeid er også avhengig av risikovillig kapital. Derfor er det behov for samarbeid mellom næringslivet og det offentlege, og Noreg har ein lang tradisjon for slikt samarbeid. Vi har også fått på plass eit omfattande forskingsprogram for miljøvennleg energi, og vi er i ferd med å få på plass gode garantiordningar for eksport av miljøteknologi.

Agder er den leiande industriregionen i Noreg. Vi ligg også langt framme når det gjeld grøn teknologi i vid forstand. Ein del bedrifter har heilt eller delvis satsa på miljøteknologi. Andre satsar på energieffektivisering i eigen prosess eller hos kundane. Det er viktig at regionen profilerer sin styrke innan miljøteknologi og grøn industri for å trekkje til seg framtidsretta satsingar av typen General Electric som er omtalt ovanfor. Det er også viktig at Sørlandet har ein høg profil innan grøn teknologi når det offentlege verkemiddelapparatet etter kvart får sterkare fokus på dette området.

For nokre veker sidan fekk vi rapporten Klimakur 2020. Den viser kva Noreg kan gjere for å redusere klimautsleppa slik det blei lagt opp til i klimaforliket på Stortinget. Rapporten diskuterer omfattande tiltak på mange område, ikkje minst tiltak som gjeld industrien. I den situasjonen vi no står overfor, er det viktig å få fram at industrien kan bidra til å løyse klima- og miljøutfordringar, og at klimasatsinga skaper nye mogelegheiter for industrien.

Norsk industri si evne til å vise ei offensiv haldning til klimautfordringane og til grøn teknologi kan bli avgjerande for industrien si framtid i Noreg. Og Agder si rolle som førande industriregion er avhengig av at vi klarer å markere oss sterkt på dette området også i framtida.