I februar i fjor var rettsoppgjeret med Raude Khmer-epoken i Kambodsja omsider i gang. På tiltalebenken bak skottsikkert glas stod Kaing Guek Eav, ein gråhåra, mager mann på 66 år. Han erkjente seg skyldig i brottsverk mot menneskeslekta, for å ha leia tortur av meir enn 15.000 menneske og etterpå sendt dei til avretting: «Eg angrar djupt og vil samarbeide med retten.» Men Eav sjokkerte ved å be om frifinning: Han hadde berre «følgt ordre» frå høgare hald. Måndag denne veka fall dommen: Fengsel i 35 år; mindre enn eitt døgn for kvart offer som blei torturert og drept. Han kan vere fri mann om 19 år frå nå. Han har likevel anka dommen.

Regimet til Pol Pot ville skru klokka tilbake til år null, gå enda meir radikalt til verks enn Kina under kulturrevolusjonen. Byane blei tømte for innbyggarar. Landsbygda og matproduksjonen skulle utviklast. Motstandarar av revolusjonen måtte utryddast. Jakta på potensielle fiendar overgjekk Stalin-prosessane på 1930-talet.

Eav blei under namnet kamerat Duch berykta som leiar for tryggingstenesta Santebals forhørssenter Toul Sleng i Phnom Penh. Fengslet, som før revolusjonen var vidaregåande skole, gjekk under kodeordet S-21. Meir enn 17.000 menneske var innom her før dei blei sendte til dødsmarkene ved Choung Ek, 15 kilometer sørvest for byen. Alt blei omhyggeleg dokumentert. Fangane blei fotograferte med namn, nummer og år. Torturofra måtte skrive under «tilståingar» i ein forhørsprotokoll. Kunstnaren Tang Chin Sothy, ein av dei tolv som kom levande frå Toul Sleng, karakteriserte i eit intervju i fjor Duch som «sterk, tøff og vond». I dag er Toul Sleng museum. Bilete av fangane fyller rom etter rom. Ein del torturutstyr er tatt vare på. Blodflekkar er synlege på murveggar og golv.

Kva meir veit vi om Kaing Guek Eav? Han er av khmerkinesisk opphav. I oppveksten var han skolelys med store evner i matematikk. Etter eit år som lærar blei han i 1967 arrestert for å vere kommunist, blei torturert av kong Sihanouks tryggingsteneste i fengslet Prey Sar ved Phnom Penh og sat inne i to år utan dom. Etter lauslatinga slutta han seg til motstandsrørsla Raude Khmer i Cardamon-fjella nær Thailand, der han blei sjef for forhørssentra M-13 og M-99 i jungelen. Innsatsen gjorde at han etter maktovertakinga fekk sjefsjobben på Toul Sleng.

Da vietnamesarane jagde Raude Khmer ut av Phnom Penh 7. januar 1979, var Duch den siste som forlet S-21. Han drepte dei fjorten siste fangane ved å dynke dei med bensin og sette fyr. Han prøvde også å brenne opp arkivmateriale, men det meste var intakt da invasjonsstyrkane kom. Duch flykta etter Pol Pots menn mot nordaust og oppheldt seg dei neste ti åra i grensetraktene til Thailand. I 1996 let han seg døype og blei vigsla som lekpastor etter å ha møtt den khmeramerikanske evangelisten Christopher Lapel. Tre år seinare spora den irske journalisten og fotografen Nic Dunlop opp Duch, som da arbeidde som lærar under namnet Hang Pin. Han erkjente kven han var. Kort etter blei han arrestert. Han sette seg ikkje til motverje, men bad om å få ta med Bibelen.

Førebels er Duch den einaste frå Raude Khmer som er stilt for retten, og den einaste som har erkjent skyld. Statsminister Pol Pot døde i 1998, forsvarsminsteren Ta Mok – «slaktaren» – døde i fangenskap i 2006. Fem andre kameratar sit fengsla. Men dei er gamle og helsemessig skrøpelege i alderen 78 til 86 år. Retttsakene deira kan tidlegast ta til neste år.

Styresmaktene i Kambodsja er neppe sterkt motiverte for fleire rettsaker. Mange av makthavarane i dag – med statsminister Hun Sen i spissen – har ei fortid i Raude Khmer.

Fleire andre land ønskjer heller ikkje at alt som skjedde den gongen skal fram i lyset. Kina støtta Pol Pot heilhjarta. USA skapte grobotn for maktovertakinga til Raude Khmer gjennom si massive teppebombing av Kambodsja på første del av 1970-talet. Thailand let Raude Khmer få operere relativt fritt på si side av grensa etter at regimet var styrta. I FN fekk Pol Pot og hans allierte representere Kambodsja heilt fram til 1994. Det kan synast som om Kaing Guek Eav for mange er ein ideell syndebukk for alt som gjekk galt og alle som kom på villspor før, under og etter perioden med «Demokratisk Kampuchea» 1975-79. Medan eg skreiv på denne artikkelen dukka et par liner av Jens Bjørneboe opp i hovudet:

Spør meg om «skyld»! Det er et grusomt ord.

Enhver er skyld i alt som skjer på denne jord!