Og i mange sammanhengar er nok det rett.

Eg har med interesse fylgd med på Klasse-quizen på NRK Sørlandet.

Valle skule

Den skulen som har scora best til nå i Aust Agder, er Valle skule, med 11 av 12 oppnåelege poeng. Eit flott resultat — ein liten skule. Få elevar å velje mellom. Likevel gjer dei det så godt.

Så har Agderposten eit stort oppslag måndag 23. mars, om elevane på Vegårshei som er best i fylket når det gjeld å fullføre videregåande skule. Dette skulle vel ikkje stemme?

Unikt prosjekt

Kva meiner elevane? Godt forhold til lærarane, engasjerte foreldre, og ikkje minst det å bli sett; lagt godt merke til i klassen. Så til siste utgåva av Fædrelandsvennens God helg. Der var ein flott reportasje om ein 9. klasse ved Finsland skole som hadde hatt eit unikt prosjekt. Elevane finansierte skuletur til Oslo med grisehald. Korleis var det mogeleg? Først og fremst fordi skulen ligg på landet, og i nærleiken til ein gard. Der nest, og ikkje minst, fordi der var ein engasjert, og interessert lærar, som ikkje var redd for å gjere noko ekstra. Også, sjølvsagt elevtalet. Det er 8 elevar på det trinnet. Desse elevane har lært noko som dei ferraste born i dag veit særleg mykje om; og det er kvar maten vi et, kjem frå. Dei har lært om sammanhengen i naturen, korleis ein skal stelle godt med dyra, og har hatt læringsutbytte i fleire fag. Der er berre å ta av seg hatten for eit slik tiltak i norsk skule.

Og min konklusjon? Der er mykje bra læring på små skular også!