Ei rekkje språkforskarar har vore opptatt av og nærast tatt for gitt at det er ein nær samanheng mellom identiteten til eit menneske og denne personens bruk av språket. Støtte for ei slik førestelling har ein funne både hos psykologar, filosofar, antropologar og andre fagfolk. Innafor denne tradisjonen har språket blitt betrakta som ein svært viktig del av identiteten vår, nettopp fordi det i stor utstrekning er gjennom språket me presenterer oss sjølve; kven me er og korleis me vil bli oppfatta i det sosiale miljøet rundt oss.Språket kan også ha ein identitetsskapande funksjon på det kollektive eller nasjonale planet. Språket verkar då som eit symbolsystem for eit kollektivt fellesskap. Grunnleggande politiske og sosiokulturelle konfliktar blir ofte utspelte som ein kamp om språket. Norsk språkhistorie med forholdet mellom bokmål og nynorsk er ein god illustrasjon av den symbolkrafta som ligg i språket. I andre samanhengar har språkkampen vore uttrykk for langt meir dramatiske samfunnsvilkår. Her kan ein nemna tilhøva i Sør-Afrika på 1970-talet. Den svarte befolkninga gjorde opprør mot at språket til det kvite mindretalet, afrikaans, var obligatorisk undervisningsspråk.I område der folkegrupper kjempar for lausriving og sjølvstende, er språk ofte eit viktig instrument i argumentasjonen for å hevda suverenitet. Det å hevda sitt eige språk blir eit middel for å halda oppe identitetskjensla og samkjensla innafor folkegruppa. Forholda i det tidlegare Jugoslavia er eit godt døme i denne samanhengen. Det som politisk sett var éin nasjon med eitt nasjonalspråk, serbokratisk, og to offisielle minoritetsspråk, makedonsk og slovensk, har nå blitt fem nasjonar med fem ulike språk. Dette har dei gjort ved å avvisa sjølve nemninga serbokratisk, dels ved å standardisera skrivemåten av orda i kvart av språka på ein måte som skil seg frå dei andre språka, fortel Lars Vikør i boka: «Språkplanlegging. Prinsipp og praksis».Makedonia var ein gong delt mellom Hellas, Bulgaria og Serbia. Makedonarane held på at dei har sitt eige språk, og dei har bygt opp skriftmålet sitt på dei dialektane som ligg lengst vekk frå nabospråka. Nabostatane Hellas, Serbia og Bulgaria, som alle er meir eller mindre imot den nye staten, hevdar på si side at makedonsk bare er ein vestbulgarsk dialekt og ikkje noko eige språk — og at makedonarane dermed ikkje er eit eige folk. Standardiseringa av skriftmålet i Makedonia liknar forresten litt på den norske målreisinga på 1800-talet: Ivar Aasen baserte sitt landsmål på dei (bygde-)dialektane som låg lengst borte frå dansk.Ordet identitet heng saman med det latinske ordet idem, som betyr «den same». På den eine sida å vera «den same som ein sjølv» (personleg identitet) og på den andre sida å kjenna likskap og samanheng med andre (sosial identitet). Slår ein dette i hop, kan ein seia at identiteten til eit individ blir utkrystallisert i spenningsfeltet mellom det individuelle og det kollektive, skriv Brit Mæhlum i boka «Språkmøte». Dei fleste psykologane vil seia det om lag slik: «Å finna identiteten sin vil seia å danna eit sjølvbilete som ein kan akseptera og leva opp til, og så etablera ein livsstil som svarer til dette biletet.» Her er talespråket heilt sentralt. Ein vel det språket og dei språkformene som står i stil med den oppfatninga ein har av seg sjølv i det sosiale rommet ein ferdast. Språket er eit middel til å gje meldingar som sanseinntrykk, tankar og kjensler, og ein må tru at språket er med og bygger opp sjølvbilete og sjølvoppfatning. Såleis er språket med på å skapa identiteten.I den delen av språkvitskapen som kallast sosiolingvistikk, er identitet eit sentralt omgrep. Tradisjonelt har ein tenkt seg at det første språket ein lærer seg, er den eigentlege beraren av identiteten. Ein har då også sett på identiteten som ein permanent og uforandreleg storleik, som noko genuint og opphavleg, noko «som bare er der». I samsvar med dette synet la språkpsykologiske granskingar på 70-talet vekt på at endring av talemålet var eit trugsmål mot folks identitet. Mykje kan tyda på at dette identitetssynet er for enkelt. Som nemnt ovanfor, trur me at identiteten vår både har ein personleg og ein sosial komponent. I dag vil det vera nokså vanleg å sjå på identiteten som noko me kan velja oss. Men vala me gjer, vil påverka oss psykisk og sosialt gjennom dei tilbakemeldingane me får på oss sjølve frå andre.Nyare forsking fortel oss at talemålet vårt blir sterkt påverka av kva slags sosiale felt, miljø og verdiar me identifiserer oss med, og som me vil bli oppfatta som ein del av. Den plasseringa me har i det sosiale spelet, set merke på språket vårt. Språk er eit signal om tilhøyrsle, det er gamal lærdom i psykologien og i sosiolingvistikken. Men tilhøyrsle er ikkje nødvendigvis gjeve ein gong for alltid, meiner Lars Vikør i boka «Austlandsmål i endring».Han hevdar elles at talemålsforskinga i dag viser at språket vårt ikkje berre fortel om kvar me kjem frå, men også kvar me vil hen. Her kan ein nemna det gamle ordet «knot», som blei bruka om det å leggja frå seg heimslege drag i talemålet for dermed å pynta litt på dialekten. Folk i nærmiljøet reagerte på og fordømte knoting. Dei meinte det var eit brot med bygdesolidariteten og ei nedvurdering av dei menneska vedkomande hadde vakse opp saman med. I dag vil ein vera open for å tolka knoting på ein ny måte: Knotet var rett og slett eit signal om kvar ein ønskte seg hen, og at ein var i ferd med å identifisera seg med sosiale miljø utanfor sitt eige lokalsamfunn.Me lever i dag i eit sterkt mobilt samfunn. Folk flyttar mykje og mange får nye arbeidsplassar. Dei går ut og inn av ulike sosiale miljø. I dette mobile samfunnet er det ikkje rart at talemålsutviklingar som før kallast «knot» vil spreia eg raskt. Midt i dette vil dei fleste av oss ha ei nasjonal identitetskjensle, og kanskje også ei regional kjensle, som sørlending eller egde. Og ennå finst det dei som hevdar at midt i all flytting og tilpassing av talemålet til nye miljø, vil der vera ein uforandreleg identitetskjerne inni oss, ein kjerne som blei forma og etablert i det språksamfunnet me levde i som barn og ungdom.