28. september hadde Fædrelandsvennen ein reportasje om bytransformasjon i Vestre Havn. «Vestre Havn skal bli en ny bydel» var overskrifta. For oss som arbeider som arkitektar og planleggjarar på Sørlandet er det godt å høyre at fleire, havnevesenet inkludert, har fått opp auga for det enorme potensialet som ligg i området som med rette kan omtalast som Kvadraturens solside, og ønskjer å utnytte det. Store delar av året ligg heile området bada i ettermiddags— og kveldssol reflektert i hamnebassenget. Forholda er optimale for menneskeleg trivsel noko det yrande livet på fiskebrygga i sommarhalvåret er eit tydeleg bevis på.

Planprosessar er ein seigliva materie, det er Vestre Havn eit typisk eksempel på. Dei siste tjue åra har det vore utarbeida utallege forslag til korleis Vestre Havn bør utviklast. Fleire klassar med studentar frå både arkitektur- og landskapsarkitektstudia har presentert eit breitt spekter av forslag. Samstundes har den lokale arkitektstanden vore på banen med forslag basert på erfaringane frå lokalmiljøet og sine tolkingar av kva som vil vere til det beste for byen.

I 2002 hyra Kristiansand kommune ved byutviklingsavdelinga inn to dyktige, norske arkitektur- og planfirma, KAP frå Stavanger og Space Group frå Oslo. Dei tok i hovudsak føre seg Kvadraturen og randområda til Kvadraturen, dvs. området rundt Vestre Havn, Odderøya, området rundt Østre Havn med blant anna Bystranda og Tangen. Fleire hugsar nok forslaga Stein, saks, papir og Sandpapir.

Den planlagde bystrukturen på Tangen som vi no ser starten på med Tangen vidaregåande og bustadkomplekset Bystranda Aveny, har teke opp i seg ideane frå Space Group sitt forslag. Også på Silokaia på Odderøya er ein godt i gang med å realisere planar, men det trengs ingen arkitekt for å forstå at Kilden vil ha krevjande omgivnadar inntil Lagmannsholmen er gitt ein annan funksjon.

Vestre Havn er det av randområda som i dag har kome kortast i transformasjonsprosessen. Grunnen til dette er dei tunge funksjonane som ligg i området. Ikkje berre er dei plasskrevande, men både tog- og rutebilstasjon, ferjeterminal og containerhamn krev kraftig infrastruktur til lands og til vatns. Kristiansands byutvikling vil i dei komande tiåra vere sterkt avhengig av at ein klarar å finne gode plasseringar for desse tunge funksjonane. Tomter der desse funksjonane kan verte liggande på lang sikt med ekspansjonsmulegheiter både på areal og tilliggande infrastruktur.

27. august i år la regjeringa fram sitt arkitekturpolitiske dokument, «Arkitektur. nå». Dokumentet er eit direkte resultat av at Norske Arkitekters Landsforbund (NAL) i fleire år har arbeidt for at arkitekturpolitkk skal kome på dagsorden. Med kraftig drahjelp frå Snøhetta sitt storslagne operabygg i Bjørvika og begeistringa dette bygget har skapt i befolkninga, gjekk regjeringa i februar i år inn for å utarbeide eit arkitekturpolitisk dokument. Arbeidet med dokumentet har gått fort, men dokumentet står like fullt fram som grundig gjennomarbeida.

Trass i den korte arbeidsperioden har heile 13 departement samarbeidt om dokumentet, og ei rekke fagmiljø har gitt viktige innspel. Arkitekturfeltet vert framheva som komplekst og sektorovergripande: «Arkitektur omfatter i vid forstand alle våre menneskeskapte omgivelser. Det favner både bygninger og anlegg, uterom og landskap. Det handler om enkeltbygg og bygninger i samspill, om helheten i byer, tettsteder og landskap.» Denne breie definisjonen gjer at ein betydeleg del av statens sektormyndigheiter vert viktige aktørar i arbeidet for å fremje god arkitektur.

«Arkitektur. nå» beskriv tre hovudutfordringar for arkitekturfeltet; Bærekraft og klimautfordringa, Kunnskaps- og innovasjonsutfordringa og Endrings- og transformasjonsutfordringa. På bakgrunn av desse er det avleia følgjande seks innsatsområde for regjeringa sin arkitekturpolitikk:

– Miljø- og energivenlige løysingar skal prege arkitekturen.

– Byar og tettstadar skal utviklast med arkitektur av god kvalitet.

– Staten skal ivareta kulturmiljø og bygningsarv.

– Kunnskap, kompetanse og formidling skal løfte arkitekturen.

– Staten skal vere et forbilde.

– Norsk arkitektur skal vere synleg internasjonalt.

Transformasjonsområdet Vestre Havn vert berørt av alle dei seks innsatsområda i større eller mindre grad. I forhold til den føreståande planprosessen vil vi særleg trekkje fram målsetnaden «byar og tettstadar skal utviklast med arkitektur av god kvalitet».

Korleis kan vi utforme robuste planar for transformasjonsområda som sikrar dei arkitektoniske kvalitetane uavhengig av eigedomsforhold og marknadskrefter? Fleire av sørlandsbyane har brukt arkitektkonkurransar som ein reiskap til å kome fram til forslag til reguleringsplan. For Barbu-området i Arendal har prosessane etter arkitektkonkurransen vore uoversiktlege og rotete. Eit samrøre mellom grunneigarar og kommunen, ført i pennen til lågast muleg pris. Det er vanskeleg å sjå føre seg at den arkitektoniske kvaliteten og heilskapen vert slik området fortener. For Holmen i Risør ser salsprisar ut til å styre utviklinga og fritidsbustadar vert prioritert framfor ein levande bydel som kunne gitt noko tilbake til byen og innbyggjarane.

I europeiske byar er der mange eksempel på gode planprosessar for å sikre arkitektonisk kvalitet. Hamnetransformasjonen i Amsterdam hadde ein sterkt styrande plan som har resultert i ein rik arkitektur der ein både har bygd nye, tekniske bygg og transformert eksisterande bygningsmasse.

Agder Arkitektforening meiner Kristiansand bør lære både av dei feil nokre av nabobyane har gjort og la seg inspirere av byar som Amsterdam. Ikkje minst bør Kristiansand by lage sin eigen arkitekturpolitikk for å sikre den arkitektoniske kvaliteten for innbyggjarane sine.