Dei rike blir rikare, og vi får fleire fattige barnefamiliar. Det forskjellssamfunnet som vi har sett utvikle seg i mange land i Europa og i USA, er no i ferd med å slå rot også her i landet. Med større forskjellar følgjer mindre samfunnstillit, dårlegare livskvalitet og svakare produktivitet. Den stadig aukande konsentrasjonen av økonomisk makt, er også ei utfordring for demokratiet. Men trass i fine ord skortar det på den politiske viljen til å snu denne negative utviklinga.

Gjer sitt beste for å auke forskjellane

ALF HOLMELID

Det manglar ikkje på dokumentasjon. Rikmannsklubben som set kvarandre stevne i Davos, har dokumentert at dei 85 rikaste personane i verda eig like mye som den fattigaste halvdelen. Ein sveitsisk bank har rekna ut at den rikaste prosenten av verdas befolkning eig over halvparten av verdiane i verda. I Noreg disponerer den rikaste prosenten av befolkninga over 20 % av all formue her i landet, og dagens regjering gjer sitt beste for å auke forskjellane. Kvar av dei 0,1 % rikaste i Noreg fikk i statsbudsjettet for 2015 i gjennomsnitt 238.000 kroner i skattelette. Vanlege lønsmottakarar måtte klare seg med 2700 kroner.

Høgresida har klart å få gjennomslag for myten om at vi må akseptere større forskjellar for å få fart på økonomien. Men det finst ikkje dokumentasjon for denne påstanden. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, seier tvert i mot at store forskjellar i eit land reduserer den økonomiske veksten. I ein rapport frå 2014 skriv OECD at økonomiske forskjellar verkar negativt på økonomisk vekst. Rapporten viser også at fordelingspolitikk ikkje er til hinder for vekst. I følge OECD hindrar store forskjellar økonomisk vekst blant anna ved å svekke sosial mobilitet og bidra negativt til samla utdanningsnivå i et samfunn.

Kvar av dei 0,1 % rikaste i Noreg fikk i statsbudsjettet for 2015 i gjennomsnitt 238.000 kroner i skattelette. Vanlege lønsmottakarar måtte klare seg med 2700 kroner.

No er heller ikkje økonomisk vekst de primære for å skape eit godt samfunn. I boka Ulikhetenes pris drøftar forfattarane Richard Wilkinson ogKate Pickett kva som skaper god livskvalitet. Dei har samla eit omfattande materiale som viser at det er land med små forskjellar som kjem best ut. Fordeling er viktigare enn økonomisk vekst for livskvaliteten i eit land. Samfunn med små forskjellar har større samfunnstillit, større sosial mobilitet, lågare kriminalitet, betre folkehelse og høgare levealder enn andre land. Vi manglar ikkje dokumentasjon på at små forskjellar er bra for eit samfunn, men like vel går utviklinga i feil retning. Det er ei utvikling vi må snu før forskjellssamfunnet bit seg fast også her i landet.

Familiar med vedvarande låg inntekt

Skal vi komme forskjellane til livs, så må vi satse på å betre forholda for barnefamiliar. Det gjeld ikkje minst barnefamiliar med einslege forsørgjarar. Nesten ti prosent av norske barn lever i familiar med vedvarande låg inntekt. Det utgjer over nitti tusen barn, og talet er aukande. Sidan 2012 har det blitt femten tusen fleire barn som lever i fattige familiar. Auken er klart størst blant innvandrarfamiliar. Skal vi unngå å skape eit klassesamfunn her i landet, så er det på tide å få ein brei debatt om kva tiltak som må til for å betre situasjonen for barnefamiliar med låg inntekt.

Nesten ti prosent av norske barn lever i familiar med vedvarande låg inntekt.

Det regjeringsoppnemnde Fordelingsutvalet slo i 2009 eintydig fast at det rimeligaste og mest treffsikre tiltaket mot barnefattigdom er å auke barnetrygda. Dei store barnefamiliane har dårlegast råd. Derfor blir tiltaket endå meir treffsikkert med eit søskentillegg i barnetrygda. I tillegg bør vi halde barnetrygda utanfor ved utrekning av sosialhjelp. Mange har tatt til orde for å droppe barnetrygda fordi den også går til folk med god økonomi. Men dersom vi ønskjer å stramme inn økonomien til dei rike, så kan vi enkelt gjere det gjennom skattesystemet utan å ramme dei med dårleg råd. Og kvifor er det nettopp barnetrygda som blir møtt med denne kritikken? Det er få som klagar på at det er sløsing å la dei rike få glede av andre universelle ytingar som gratis skole for eksempel.

Legge om skattepolitikken

For å finansiere tiltak som kan redusere fattigdomen og dei aukande forskjellane i samfunnet, må vi legge om skattepolitikken og slutte å gi store skattelette til dei rike. Dei som har råd, må betale meir dersom vi skal skape eit samfunn med moderate forskjellar og god livskvalitet for alle. Kjente økonomar som Thomas Pikettyer heilt tydelege på at vi bør auke formuesskatten for dei rikaste. I tillegg bør finansnæringa betale skatt som alle andre næringar. Det kan vi oppnå ved å innføre meirverdiavgift for finanstransaksjonar.

Vi er på full fart inn i forskjellssamfunnet med dei negative konsekvensar det har for livskvalitet, produktivitet og folkestyre.

Både i USA og i mange land i Europa ser vi no ein gryande protest mot dei aukande sosiale forskjellane. Her i landet har vi framleis relativt moderate forskjellar. Men vi er på full fart inn i forskjellssamfunnet med dei negative konsekvensar det har for livskvalitet, produktivitet og folkestyre. Kampen mot forskjellssamfunnet bør derfor bli ein sentral del av den valkampen som vi no går inn i.