Det skal vi vera glade for at han gjorde. Øystein Lønn er ikkje berre ein av våre største samtidsforfattarar. Jubilanten er også ein klassikar i norsk journalistikk.

Opprusting av journaliststanden

Karl Knapskog

For nokre år sidan redigerte Martin Eide boka «Journalistikkens norske klassikere — ved noen av dem». Boka vart lansert som bidrag til fagleg opprusting av den norske journaliststanden, og redaktøren varsla fleire klassikarbind: «- ved flere av dem», « - ved enda flere av dem».

Øystein Lønn kan trygt plasserast på Martin Eide si klassikarliste, i ein «journalistikkens forbildekatalog», der det ikkje handlar om heltedyrking, men om å heva refleksjonsnivå og skjerpa profesjonaliteten gjennom å forstå, tolka og retolka klassikarane sine tekstar og virke.

Les også :

Fædrelandsvennen sine lesarar var på 1990-talet i den lukkelege situasjonen at Øystein Lønn skreiv jamnleg i avisa. Frå 1990 til «Lønn på lørdag» dukka opp sommaren 1995, skreiv han vel 30 tekstar — i sjølve signaturspalten over 100 fram til avslutninga ved utgangen av 1998. ## Løfta journalistikk til litteratur

Journalistikk på sitt beste tilbyr intellektuelle og kulturelle ressursar som gjer oss betre i stand til å handtera modernitetens utfordringar. Lønn tok mykje av sitt skjønnlitterære repertoar inn journalistikken - språkleg presisjon, skarp observasjonsevne og sans for symbolladde detaljar, og løfta dermed journalistikk til litteratur.

I spaltene serverte han synspunkt og meiningar, basert på solid kunnskap om politisk historie og med skarpe samfunnsanalyser, alltid med kritisk brodd mot intoleranse, grådighet og politisk opportunisme. Og så: tekstar med suverene skildringar av farne livsformer og lett gløymde kvardagsgleder og -suter.

Øystein Lønn sine journalistiske tekstar inviterer oss til å reflektera over samfunnsutvikling og eigne livsprosjekt, og tekstane hans er ein ståande ressurs i ei slik utforsking

Lønn utfalda seg i alle sjangrar som er til rådvelde for ein spaltist, ein kommentator, observatør, analytikar - ein som tar ordet og seier: No skal du høyra! Men uansett sjanger eller tema, vendte han seg til oss på ein venleg og inkluderande måte, som ein klok og kunnskapsrik onkel som har vore på reis, og som no vil fortelja oss korleis sakene heng saman.

Kort sagt: Øystein Lønn sine journalistiske tekstar inviterer oss til å reflektera over samfunnsutvikling og eigne livsprosjekt, og tekstane hans er ein ståande ressurs i ei slik utforsking.

Stor leseglede

Dei journalistiske tekstane til Øystein Lønn frå 1990-talet byr på stor leseglede. Slåande er kor godt tekstane står seg, og kor godt dei eignar seg som journalistiske lærestykke - om journalistikkens samfunnskritiske funksjon, om journalistens rolle som fortolkar, kritikar og formidlar. Om kva som krevst.

Les også :

Tekstane gjev blikk for korleis ein oppegåande journalist observerer, analyserer og myntar ut sitt ærend — der språkleg sensitivitet og innlevingsevne ikkje berre er samanvevd med evna til analyse og samfunnskritikk, men framstår som ein grunnkompetanse i journalistisk arbeid.

Øystein Lønn sette sluttstrek for «Lønn på lørdag» i 1998. Året etter kom Maren Gripes nødvendige ritualer, og deretter romantrilogien om Sofia, Simen, Leon og Bird. Også her er lærestykke for folk med omsut for kvalitetsstandardar i journalistikken: Vi møter Simen Linde, ein redaktørtype vi kan sakna i dag, når mediehusa kuttar i beinet og journalistisk integritet er under press.

Ei kunstnarisk utforsking

Forfattarar har alltid utforska språkets evne til å gripa tilveret, skapt syn for realitetar og forma livskjensler gjennom sine tekstar - nær sagt uavhengig av kva sjanger eller litterær form dei har nytta seg av. Det er slik eit indre samband mellom roman, novelle og journalistikkens ulike sjangrar.

Når Øystein Lønn no, i sitt åttiande år, tilbyr oss ein ny roman, bør vi takka.

Om vi tek eit døme frå Øystein Lønns omfattande forfattarskap, så er den lange novella Historie ei kunstnarisk utforsking av grenselandet mellom novelle og roman, men den er samstundes ei oppvising av korleis eit nøytralt og refererande språk, eit journalistisk språk, kan engasjera, få oss til å dikta vidare, tenkja oss alternativ. Den syner oss journalistikkens yteevne, når det blir skrive godt.

Les også :

— Lar det seg gjøre å foreta en litterær fotografering av et helt tidsavsnitt og sette bitene sammen til et bilde av en epoke? Slik spurde Johan Borgen i 1975 i ei melding av Hirtshals Hirtshals. Han svara begeistra: Ja! - det gjorde denne romanen. Slik er det òg med Lønns journalistiske tekstar frå 1990-talet: Dei gjev oss samla eit bilde av, og eit analytisk blikk på, siste ti-året av førre århundret.

Menneskelege eksistensvilkår

Den franske filosofen og forfattaren Jean-Paul Sartre har prøvd å sirkla inn korleis forfattar og lesar møtest i litteraturen. Erfaring med litteratur er erfaring med menneskets fridom, meinte Sartre. Forfattar og lesar vert dregne inn i eit felles, framtidsorientert prosjekt for å utforska menneskelege eksistensvilkår. Kunstens oppgåve er då, ifølgje Sartre, å gjenskapa våre livsverder ved å la oss sjå dei som dei er, men «som om dei sprang ut av menneskets fridom».

Når Øystein Lønn no, i sitt åttiande år, tilbyr oss ein ny roman, bør vi takka. Og vi bør takka for at han gjennom femti år har forsynt oss med tekstar som hjelper oss i utforskinga av korleis vi skal forvalta vår fridom, også gjennom sin journalistikk.