Rettnok ikkje så mange som, sei, det enormt store landet Libanon, men mange nok til å skapa frykt, bekymring — og hat. Eg skjønar at det ukjente er skummelt, for eg trur ein skal leita lenge etter nokon som er meir heimekjær og vanekjær enn eg. Eg hatar forandring, og i åras løp har eg lagt til meg ein ganske komfortabel livsstil i tillegg. Men i mitt omflakkande nomadeliv har eg lært meg å setja pris på forskjellar og «annaleisheit». Eg har lært at viss eg opnar opp, gjev av mitt eige, torer å ta eit skritt ut av komfortsona mi, og ikkje minst vågar å ta i mot frå andre, så beriker det livet mitt på eit utal måtar.

Eg har blitt kjent med mange syrarar gjennom arbeidet mitt i Midt-Austen, og eg har lært masse av dei. Det viktigaste er kanskje gjestfriheten. Av og til når me gjekk på besøk til dei fattigaste av dei fattige, gjekk dei til naboen for å låna noko dei kunne gje oss. Arabarar set nemleg si ære i å vera gjestfrie. Det gjer meg difor vondt langt inne i hjartet når eg les og høyrer at mine eigne landsmenn er uviljuge til å dela av overfloden sin fordi dei er redde for å bli islamisert, mista sin identitet. Eg kan skjøna det på mange måtar, men ingen av dei arabarane eg har snakka med har flytta friviljug frå Syria. Ikkje ein einaste. Dei ville flytta tilbake på timen viss dei kunne, men dei ønskjer fridom, og liv, ikkje minst. Ingen av dei er interessert i å islamisera samfunnet dei kjem som framande til. Dei ønskjer fridom, fridom til å leva, arbeida, oppdra borna sine i eit trygt miljø, fridom til å tilbe sin Gud. Er det for mykje forlangt?

Eg skjønar at det er overveldande med den flyktningbølgja som slår innover oss no. Eg skjønar at det skapar uvisse og usikkerheit. Eg skjønar at frykta kan ta overhand. Men eg kan ikkje forstå at me ikkje kan sjå enkeltmenneska bak bølgja. Eg kan ikkje skjøna at me som er så rikt velsigna kan lukka hender og hjarte. «Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken.» «Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.» Måtte Noreg verta eit land der kjærleiken rår.