Dei viser at små kommunar har best tjenester til innbyggarane. Sitat: «Dette er eit mønster som går igjen for alle tjenestene . OBS. Jo større kommunane er, desto mindre er folk tilfredse med tjenestene. Det var også resultatet i undersøkingane i 2010 og 2013». Sjå dette: Alvdal med 2426 innbyggarar er nr 1, Jølster i Sogn og Fjordane med 3078 innbyggarar nr 2, og Siljan i Telemark med 2349 ligg på 3. plass. Oslo ligg på plass nr. 215, Bergen på plass nr. 163, og Trondheim på plass nr. 100. Ein ser her at store kommunar slett ikkje er best.

«Trass i desse fakta er den blåblå regjeringas hovudargument for den omfattande kommunereforma at den er nødvendig for å kunne tilby innbyggarane i dei minste kommunane betre tjenester». OBS. Regjeringas motiv for større kommunar kan altså knapt vera betre tenester, men noko heilt anna.

Til dømes kan pengefolk i større kommunar få betre kår ved privatisering av tjenester ved omfattande privatisering av barnehagar, skular, eldresenter med meir. Slikt skapar fleire Høgrefolk…

Før folkerøystingar bør innbyggarane lese rapporten frå direktoratet, før det går gale. Små kommunar er best fordi dei har dei beste tjenestene, og fordi folk kjenner kvarandre og har tillit til dei styrande.