Men eg reagerer på argumentasjonen til Harald Furre som er ordførarkandidat for Høgre i Kristiansand. Han seier til Fædrelandsvennen at han ikkje kan akseptere at fylkesmannen i Aust-Agder blir fylkesmann i Vest-Agder fordi han har «eit image som SV-politikar».

Det er ei ærleg sak å meine at vi ikkje bør ha tidligare politikarar som fylkesmenn. Men å hevde at bakgrunn frå eit bestemt parti diskvalifiserer for å bli fylkesmann i Vest-Agder er mildt sagt spesielt. Eg vonar Furre kan stadfeste at han er feilsitert. Politisk yrkesforbod høyrer ikkje heime i eit moderne demokrati.

Medan eg skriv dette, kjem det melding om at ein frå Aust-Agder med høgre-image har søkt stillinga som fylkesmann. Det blir interessant å sjå om samfunnsforskaren og ordførarkandidaten Harald Furre vil bruke det same argumentet overfor denne søkjaren, eller om han vil stadfeste at det er den politiske fargen som er avgjerande.