Det var i alle fall det inntrykket eg fekk etter at stortingsrepresentant Torgeir Micaelsen frå Arbeiderpartiet og helseminister Bent Høie frå Høgre diskuterte eldreomsorg i politisk kvarter på NRK sist tirsdag. Dei var begge samde om at resultatmåling og meir sentralstyring er nøkkelen til betre omsorg.

Målehysteri

Målehysteriet har fått spreie seg som ein farsott i offentleg sektor, også på område der det er svært vanskeleg å finne gode resultatmål. Ikkje minst har vi sett det i skolen. Der har målemanien gått så langt at stadig fleire tar til motmæle. Eg kan vanskeleg tenkje meg at det er lettare å kvantifisere og måle omsorg. Ikkje alt som er viktig, kan målast, og ikkje alt som kan målast, er viktig.

Tillitsreform

SV ønskjer å gå i motsett retning. Vi vil ha ei tillitsreform med mindre måling og detaljstyring og med større tillit til dei tilsette. SV vil prøve ut alternative organisasjonsformar med større handlingsrom for personalet i samarbeid med brukarane. Dei tilsette må få bruke sitt faglege skjønn for å tilpasse omsorgstilbodet til varierande behov. Dette er prøvd med godt resultat i utlandet, blant anna i København. I Oslo har bystyret vedtatt eit prøveprosjekt etter forslag frå SV.

Det er stadig fleir som innser at vi ikkje kan bytte ut fagkompetanse og ansvar med måling og detaljstyring. Det har gått galt på mange område både i privat og offentleg sektor. Kvifor skal vi gjenta feilen i omsorgssektoren?