Nei, det skal ikkje stå spørsmålsteikn etter tittelen. Eg slår fast eit faktum. I media er det kjempeoppslag om uhell – av og til svært alvorlege – og slik skal det vere. Det skjer feil, og dei skal påtalast. Legane, helseinstitusjonane. sjukeheimane, spesialistane – alle må tole å få medias kritiske blikk på seg.

Men, det er kanskje på tide at vi, det store fleirtalet, som har opplevd at norsk helsevesen fungerer godt, også tar ordet. For 20 år sidan gjekk det hol på magesekken. Eg bur i Bykle, rundt 20 mil frå sjukehus. Distriktslegen dopa meg ned med smertestillande, og med ein sjukepleiar ved sida frakta ambulansen meg til Aust-Agder sentralsjukehus, der eg blei operert seint på natta. Alt gjekk på skinner. Etter å ha hatt ein liter magesyre i bukhola, blei rekonvalesensen problemlaus. Etterpå blei årsaka til at det gjekk hol på magesekken diagnostisert, og eg fekk ein ikkje heilt gild kur. Etterpå har eg vore aldeles symptomfri, og eg kan ete og drikke heilt som normalt.

Det er svært bra at media tar fatt i underbemanning på aldersinstitusjonar. Når politisk ansvarlege sparer gjennom å løyve for lite til legetilsyn med barn, med gamle og demente – ja, då skal media opptre som den fjerde statsmakta.

Men det er på tide at dei mange av oss som opplever at våre gamle slektningar blir tekne vare godt vare på også tar ordet. Mor mi er 93. Dei siste åra har ho budd på Bykle alders— og sjukeheim. Der har ho det godt, får legetilsyn. Kort sagt, helsetenesta fungerer optimalt. Og, ikkje minst, ho seier sjølv at ho har det godt. Eg besøker henne nesten kvar dag, og det er ikkje nødvendig å ha synske evner for å kunne slå fast at også dei andre eldre har lite å klage over.

Det er heilt på sin plass at pressa fyrar laus når spareglade politikarar og byråkratar ikkje løyver dei midlane som trengst når det gjeld livet. Dei bør vere klår over at vi, til dømes i høve til det amerikanske, har eit rimeleg, gratis helsevesen for alle.

Eg har hatt senebetennelse i både høgre og venstre skulder. I mai 2009 fekk eg sterke smerter. Legen trudde, som eg, at det var senebetennelse. Då behandlinga ikkje verka, bestilte han røntgen i Kristiansand. Der blei det klårt at eg hadde prolaps i ein nakkevirvel, og blei sett på sterke, smertedempande medisinar. Etter 10-12 døgn nesten utan svevn, blei livet heilt OK att. Det tok si tid, og eg er ikkje kvitt ei nummen kjensle i fingrane enno, men eg har det heilt greitt.

Det er utilgjeveleg viss liv går tapt fordi det ikkje blir stilt nok ressursar til rådvelde for bruk av ambulansehelikopter når kvart minutt tel. Det er også uakseptabelt viss ikkje lokale legekontor blir utstyrde med livreddande, teknisk utstyr, t.d. i samband med alvorlege, akutt livstrugande tilstandar.

Kona mi fekk det legane kalla eit middels kraftig hjarteinfarkt for nokre år sidan. Ho var på nattevakt på alders- og sjukeheimen, og blei teken hand om svært raskt. Då eg blei vekt og kom, i halvfiretida på morgonen, hadde legen for lengst sett i gong livreddande behandling med avansert utstyr eg skjønar minimalt av. Ambulansehelikopteret var på plass etter mindre enn ein halvtime, og då eg kom til Aust-Agder sjukehus på føremiddagen same dagen, var det verste over. Alt hadde gått akkurat slik det skulle. I dag er ho i betre form enn for ti år sidan, friskare rett og slett – fordi ho fekk gode råd om å halde seg i form, legge om matvanane – og følgde råda.

Det høyrer med at også familien min har opplevd at det blir gjort feil. Detaljar skal eg ikkje kome med, men eit brote bein i ei hand blei ikkje oppdaga. Smerter i ein altfor lang periode, og ei hand som aldri vil få full styrke. Men, Norsk pasientskadeerstatning sørgde for eit plaster på såret. Kanskje burde vederlaget ha vore større, kanskje ikkje.

Eg har nytta eigne erfaringar i møte med det norske helsevesenet, for å illustrere korleis helsestellet oftast fungerer. Som eg har teke opp att mange gonger, det er ikkje for å kritisere media for å trekke fram døme på at det klikkar ein sjeldan gong. Slikt skal kome til overflata! Men, eg opplever at bildet av norsk helsestell ofte blir fundamentalt feil, fordi det som går slik det skal, så sjeldan blir nemnt. Det kan også gjere enkelte urolege, til og med redde for å bli hjelpetrengande. Alt kan bli betre, også det gode helsestellet vårt. Det trengst heile tida at dei som har økonomisk, administrativt og utøvande ansvar for helsetenestene skjerper seg, prøver å betre ressursutnyttinga på alle plan. Men ikkje tukl med dei grunnleggande strukturane som har gjeve oss eit av verdas beste helsetilbod – til alle.

PS: Rundt nyttår oppdaga fastlegen min symptom som kunne tyde på kalkdanning i blodårene i hjarta. På nytt: alt gjekk på skinner, for nokre månader sidan «reinska» ein hjartespesialist opp ei livsviktig blodåre, «blokka» ho ut som det heiter. No lever eg som normalt att, så frisk som ein 69-åring har lov til å vente.