Sjølv har han ei klippefast gudstru, men kan ikkje legge fram noko ordentleg «bevis» på at han fins. Forskarane Timothy Freke og Peter Gandy seier at det ikkje fins historisk bevis for Jesus, og hevdar «at kristendommen synes å vere eit framhald av eldre heidendom, med eit anna namn. Religiøsiteten din sit biologisk i hjernen din, Greipsland. Hadde du budd ein annan stad på jorda, ville du tatt ein annan religion. Slik er det.

For å rakke ned på vitskapen, brukar Greipsland eit rart sitat frå Erik Tunstads bok «Evolusjon». Sitatet er svakt og heng ikkje saman med boka elles, men dei kristne er blitt redde, og brukar no mange slags metodar for å berge overtrua. Ingen kan stole på kristne bøker fordi dei alltid har ein agenda om å utbreie religionen.

Greipsland meinar at det ikkje har vore ein innhaldsmessig revisjon av kristenlæra. Men det har det: Først kom nokså tilfeldige skribentar av såkalla «evangeliar», deretter kom ei mengd «over-settarar», dernest av ti-tolv kyrkjemøte. I år 300 vart det bestemt at Jesus var guds son, og i 325 vart det vedteke at han var sann gud og sant menneske, og den «heilage ande» vart innført. (Ingen veit kva det er). På kyrkje-møte i 451 vart det vedteke at jomfru Maria var jomfru heile livet. Vedtaka skjedde ofte med knapt fleirtal…

Mykje av kristendommen er henta frå eldre mytologi: Buddha gjekk på vatnet, på elva Ganges. Mange mytiske gudar vart drepne og stod opp att. Den mytiske guden Mitras vart fødd av ei jomfru, og han var frelsar. Den egyptiske guden Osiris døydde og sto opp att. Det hevdast at Bibelen er «innblåst» av gud. Koranen også. Dei brukte ikkje kross på Jesu’ tid. Det lokale namnet betyr stake, ikkje kors. Jødane sin praksis var å steine brotsmenn til døde, deretter vart dei hengt på ein stake eller tre til skrekk og åtvaring.