Rasisme er basert på kjensler. Som motgift hjelper det difor ikkje det spor med rasjonelle argument. Dei prellar av som vatn på gåsa. Rasisme er ei gigantisk, dum mistyding. I håp om at det skulle finnast noen som har rasjonell kunnskap som rettesnor, vil eg repetere følgande:

Det fins berre ein menneskerase i dag, det var fleire før, og vi har 99,9 prosent felles genar. Genetisk er vi altså praktisk talt identiske. Difor burde vi vera som ein søskenflokk her på jorda, gode og nære vener. Hugs det! Årsaka er våre felles aner frå Afrika som vandra ut frå verdsdelen i mindre flokkar for omlag hundre tusen år sidan, og som vi alle stammar frå. Slik sett er vi alle afrikanarar. Dei som vi ætta frå var mørkare i huda, men i nye egne med mindre sol trengte vi mindre pigment. Difor vart vi ljosare i hud, hår og auge. Nye nordmenn til Noreg blir ljosare over tid. Rasisme er stygge greier. Vi hugsar nazistane og holocaust, og nedslaktinga av urfolket i Amerika.