Når ei tam dame skriv om villmarka, blir det ofte feil. Eit døme på det er når Karen Kristine Blågestad skriv om gaupejakta i Hægebostad (lørdagskommentaren 2. mars).

Blågestad er ei flink dame. Ho har lese om jakt og rovdyr. Og ut frå det ho har lese og sett på eit bilete i Fædrelandsvennen, skriv ho om jakt, gaupejakt og jegerar. Resultatet er ein tåredryppande artikkel. Stakkars snille og ville rovdyr. Fy skamme dei som drep slike fine dyr.

Blågestad har nok ikkje fått med seg at rovdyr lever av å drepe andre levande skapningar. Eg har funne ein sau som ein rev hadde ete opp det eine halve låret på. Sjølvsagt tok eg livet av den stakkars sauen med ein gong. Små revungar har eg drepe. Elles tok revetispa lam. Eg har også sleg ei kongeørn i hel med ein stav. Ørna drap over 20 små lam den våren. Har Blågestad høyrd dødsskriket frå ein hare rett før reven får tak i han?

Stakkars snille gaupa, klart at ho må få drepe kyllingane til tiur og orrhane eller små rådyrkje.

Eg har skote mange ville dyr og fuglar. Lam og sau har eg også slakta. Er eg då ein stakkars jeger?

Mange gonger på jakt har eg tenkt: Korleis ville eg ha ønskt å bli teken livet av? Blitt skoten kvikt og smertefritt ute i naturen, eller bli slakta på eit slakteri. Kor mange gonger har eg ikkje høyrt dei såre rauta, når ei ku var på veg ut fjøset på veg til slaktebilen. Eg er sikker på at dyr kan lukte redsle frå andre dyr. Når dyr kjem til slakeriet, kan dei kjenne lukta av både blod og redsle. Men kva må ikkje dyr gjennom for at tamme damer skal få godt kjøt. Alle dyktige bønder steller godt med dyra sine. Alle ansvarlege jegerar skyt berre når dei er sikre på å råke dyret dei skyt på. Eg er både jeger og tidlegare bonde. Hesten min redda livet mitt då eg køyrde tømmer i skogen. Tårane har trilla når dyr eg hadde hatt for med slaktebilen. Og dei fleste ville dyra eg har sett, har eg aldri vurdert å skyte på.

Eg kjenner meg ikkje att i skildringa til Blågestad.

Veit tamme damer at kjøtet dei et kjem frå eit dyr som har levd? Det blir lett feil når tamme damer skriv om villmarka som dei har lese om i bøker.

PS. Reglane for jakt var annleis i 1950-60 enn no. DS.