Den blå regjeringa går no til angrep på lova og vil opne for fleir midlertidige tilsetjingar. Forslaget vil i praksis bety at alle typar nye tilsetjingar kan være midlertidige i 12 månader. Det skaper utryggheit for dei tilsette og familiane deira, og kvaliteten på arbeidet blir dårlegare. I offentleg sektor vil det føre til dårlegare tenestetilbod til innbyggarane.

Seriøs arbeidsgivar

Bystyret i Trondheim har vedtatt at dei ikkje vil sitje stille og sjå på denne utviklinga. Dei vil at kommunesektoren skal vere ein seriøs arbeidsgivar der trygg eldreomsorg, gode skolar og gode kommunale tenester for innbyggarane har hovudprioritet. Bystyret ønskjer ikkje å opne for fleire midlertidige tilsetjingar. Derfor har dei vedtatt å praktisere dagens reglar dersom lova blir liberalisert på dette området.

Gjere som Trondheim

Sist helg vedtok årsmøtet i Vest-Agder SV å arbeide for at fylkeskommunen og kommunane i Vest-Agder skal gjere som Trondheim. Sølvi Thomassen frå SV interpellerte om dette i fylkestinget sist tysdag. Diverre blei saka avvist av det blå fleirtalet. Men vi har ikkje tenkt å sleppe saka. SV vil bruke valkampen til å løfte fram kravet om å følgje eksempelet frå Trondheim og legge grunnlaget for gode offentlege tenester. Og vi utfordrar dei andre partia til å klargjere kvar dei står i denne saka.