Det opnar seg no nye spennande marknader for fornybar energi og produkt som er tilpassa eit samfunn med reduserte klimautslepp. Industrien i Agder har relevant spisskompetanse for å møte desse utfordringane, og mange bedrifter har vist vilje og evne til å posisjonere seg i dei nye marknadene. Universitetet i Agder har lenge hatt aktivitetar på dette området og aukar no innsatsen i samarbeid med næringslivet i regionen. Agder har potensial til å bli ein leiande region innan fornybar energi og miljøteknologi. Men konkurransen er hard. Om eit par år kan det vere for seint å ta ein nasjonal posisjon på dette området. Spørsmålet er om politikarane, media og andre sentrale aktørar i regionen tar denne utfordringa på alvor.

Stadig fleire satsar tungt på fornybar energi. Mange land har hatt gode støtteordningar som har skapt gryande marknader for utstyr til produksjon av vindenergi, bioenergi og solenergi. EU har forplikta seg til å auke produksjonen av fornybar energi kraftig innan 2020. Då skal EU produsere fornybar energi tilsvarande fem gonger den totale energiproduksjonen i Noreg i dag. Halvparten skal vere vindenergi, og om lag halvparten av det igjen skal vere offshore vindenergi. Dette er eit stort teknologisk løft, og det vil skape spennande marknader for utvikling, investering og vedlikehald. Agder har bedrifter og eit industrielt miljø som er kompetent til å delta på desse marknadene. Ikkje minst gjeld det leverandørindustrien til olje— og gassektoren.

Energieffektivisering i industri og transport og energisparing i bustader skaper også spennande marknader. Bilar og hus treng nye teknologiske løysingar og nye avanserte materiale. Vi kan lage miljøvennlege bilar som går på elektrisitet eller hydrogen, men uansett vil dei trenge materiale, og stadig meir avanserte materiale. Agder har ein verdsleiande metall- og materialindustri som har vist vilje og evne til å omstille til nye produkt for dei nye marknadene. Eg har hatt gleda av å presentere deler av denne industrien for sentrale politikarar frå andre regionar, og utan unntak blir dei imponert over det teknologiske nivået og den store omstillingsevna. Sist var det miljøvernminister Erik Solheim som fekk seg ein tankevekkar.

Den mest miljøvennlege energien er den vi sparer. Derfor er utvikling av energieffektive prosessar ein viktig del av satsinga på miljøvennleg energi. Også eit karbonnøytralt og klimavennleg samfunn vil trenge metall og materiale. Det er derfor viktig at slike produkt blir produsert så energiøkonomisk som mogeleg og med så lite utslepp av CO2 som teknologien tillet. Industrien på Agder er nasjonalt og internasjonalt leiande på dette området. Den har kompetanse og erfaring til å utvikle prosessane vidare og setje nye internasjonale standardar. Det kan i sin tur føre til teknologieksport.

Noreg har vore og er langt på veg framleis ei av dei største sinkene når det gjeld støtte til ny fornybar energi. Men no er noko i ferd med å skje. Klimaforliket i Stortinget sist haust gav eit kraftig løft i satsinga på miljøvennleg energi. Når det gjeld støtteordningar for produksjon av fornybar energi, er vi framleis bland dei dårlegaste i klassen. Men når det gjeld midlar til forsking og utvikling, er vi i ferd med å komme opp på internasjonalt nivå. Og det er lite grunn til å tvile på at denne ut viklinga vil halde fram.

Universitetet i Agder har arbeidd med fornybar energi sidan midten av nittiåra. I samarbeid med leiande bedrifter har universitetet bygd opp utdanningstilbod og kompetanse innan ulike deler av fagområdet. Det førde til at UiA i samarbeid med andre universitet og bedrifter nådde fram i den harde konkurransen om løyvingar til eit nasjonalt senter for miljøvennleg energi. Dermed har regionen fått ein fot innafor på eit område der det utan tvil vil bli ein kraftig vekst i statlege midlar i tida framover.

Alt dette skulle tilseie at Agder kan sikre seg posisjonen som den førande regionen i Noreg innan miljøvennleg energi og miljøteknologi. Men ein slik posisjon kjem ikkje av seg sjølv. Industriell og fagleg kompetanse er ikkje nok. Det må også vere politisk evne og vilje til å bere fram ei slik sak. Miljøteknologi og miljøvennleg energi er område der offentlege reguleringar og støtteordningar spelar ei langt større rolle enn i tradisjonell næringsutvikling. Derfor er det viktig at politikarar og byråkrater som styrer over slike ordningar, får god informasjon om kva Agder står for, og blir minna om kva regionen har å tilby på dette området. Det er ingen andre enn vi frå Agder som kan gjere denne jobben.

Derfor har politikarar og andre sentrale samfunnsaktørar eit særleg ansvar for å synleggjere kva Agder står for innan miljøvennleg energi og miljøteknologi. Det er også ein viktig del av miljøkampen. Men diverre har det vore lite fokus på dette i den offentlege samtalen i Agder. No er det på tide at politikarane og media i regionen vaknar. Om eit par år kan toget vere gått.