Sist veke deltok eg i parlamentarikarforsamlinga i Nordisk råd. På dagsorden stod interessante tema som kultur i skolen, klimaspørsmål, menneskehandel og tryggingspolitikk. Men den saka som vakte størst interesse hos mange, var den aukande arbeidsløysa blant unge i Norden, spesielt i Sverige. Der er det no 27 prosent av ungdommane i alderen 15-24 år som ikkje er i utdanning eller i arbeid.

Den nordiske samfunnsmodellen er kjenneteikna av ein velutvikla velferdsstat med moderate forskjellar kombinert med omstillingsevne, økonomisk vekst og låg arbeidsløyse. I 2008 var arbeidsløysa i Noreg 2,8, i Danmark 3,1 og i Sverige 6,1 prosent. Til samanlikning var den gjennomsnittlege arbeidsløysa i EU på 7 prosent. Den nordiske samfunnsmodellen har hatt ein suksess som ikkje stemmer med dei rådande marknadsliberalistiske teoriane, og den har derfor skapt internasjonal interesse blant økonomar og politikarar.

Men finanskrisa som blei utløyst av kynisk spekulasjon og manglande regulering av marknadskreftene, har ført til aukande arbeidsløyse også i dei nordiske landa. I Danmark er den no oppe i 5,9 prosent og i Sverige heile 8,2, nesten like høgt som gjennomsnittet i EU. Noreg ligg framleis relativt lågt med 3,1 prosent. Vår raudgrøne regjering har så langt klart seg betre gjennom finanskrisa enn dei borgarlege regjeringane i våre naboland, men arbeidsløysa aukar også hos oss.

Den aukande arbeidsløysetala er urovekkjande i seg sjølv. Men det som skapte størst engasjement i Nordisk råd, var den høge arbeidsløysa blant ungdom. I Sverige er det meir enn kvar fjerde ungdom mellom 15 og 24 år som ikkje er i arbeid eller utdanning. I Noreg er kvar tiande ungdom utanfor arbeidsliv og skole. Dette skuldast delvis at finanskrisa rammar dei unge ekstra hardt. Men arbeidsløysa blant dei unge var høg også før finanskrisa. Det er derfor all grunn til å sjå nærare på årsakene til denne utviklinga.

Nordisk velferdssenter, som er eit institutt under Nordisk råd, har tatt fatt i denne utfordringa. Instituttet har etablert eit prosjekt der formålet er å undersøkje årsakene til den store arbeidsløysa blant ungdom. Med basis i erfaringar frå heile Norden har senteret eit godt utgangspunkt for å kartlegge situasjonen og legge grunnlag for ein god diskusjon om årsaker og nødvendige tiltak.

Dei nordiske landa har handtert krisa ulikt og med varierande resultat, men alle har sett i verk tiltak for å dempe arbeidsløysa. Spørsmålet er om desse tiltaka når ungdom som alt er i utkanten av arbeidslivet. Dei høge arbeidsløysetala blant ungdom kan tyde på at vi ikkje er flinke nok på dette området. Dette er spørsmål som Nordisk velferdssenter vil drøfte i sitt nystarta prosjekt. Kan dei nordiske landa lære av kvarandre, og kan eventuelt andre land lære av de nordiske?

Det er normalt at ungdom går ut og inn av arbeidslivet, og at dei er utan arbeid i kortare periodar. Men det er eit alvorleg faresignal dersom store deler av ungdomskulla misser kontakten med arbeidslivet og blir langtidsledige eller varig utstøytte frå arbeidslivet. Undersøkingar viser at overgangen frå skole til arbeidsliv er ei stor utfordring. Mange slit med å finne ein plass i arbeidslivet, ikkje minst dei som ikkje har fullført ei utdanning. Tala viser også at innvandrarungdom og ungdom med funksjonshemming er spesielt utsette for å falle ut av arbeidslivet. Dei som blir sett utanfor i vanskelege økonomiske tider, har ofte problem med å komme tilbake når arbeidsmarknaden snur.

Nordisk velferdssenter starta sitt arbeidslivsprosjekt med ei høyring der ungdom blei invitert til å komme med sine eigne erfaringar og sine eigne forslag til tiltak mot arbeidsløyse blant ungdom. Spørsmålet blei også eit hovudtema på Ungdommens nordiske råd, UNR. Den nyvalde leiaren for UNR uttalte at arbeidsløyse blant ungdom vil bli eit av ei viktigaste spørsmåla i tida framover. Ungdom og arbeidsmarknad blei derfor valt som hovudtema for UNR i 2010. Det er lovande at ungdommen set dette spørsmålet så høgt på dagsorden. Skal vi ta vare på og vidareutvikle den nordiske velferdsmodellen, kan vi ikkje akseptere at store deler av ungdomskulla fell utanfor arbeidslivet og misser fotfeste i samfunnet. Det er ikkje berre sløsing med verdifull arbeidskraft. Det skaper også sosiale problem og kan auke konfliktnivået i samfunnet.