Korleis forheld eg meg som humanetikar til påska, og korleis opplever eg at høgtider som påske pregar skolen og resten av samfunnet? Kva trur eg folk flest gjer i heilagdagane?

Eit tydeleg teikn på at det nærmar seg påske er at mange pyntar litt med gule lys, blomar, serviettar, egg, kyllingar og kjøper sjokolade. Ikkje at det så mye religiøst i det, men det er fargerikt og godt om ikkje anna. Kva anna forbind eg med påska? Jo, påskelabyrinten på P1 og påskekrimmen på NRK. Og så blir eg avislaus noen dagar, det er jo litt synd, for da kunne eg faktisk tatt meg tid til å lese heile Dag og Tid.

For meg er påska ei fin tid på året, spesielt når ho kjem seint som i år. Eg er veldig ferdig med kulde og snø, så påske heime er topp. Da er planen å få ut båten og leggje han på den etterlengta nye båtplassen som eg no har fått tildelt etter å ha stått på venteliste sidan 2002. Og båtpussen treng heller ikkje bli ei iskald oppleving. Det er godt å få båten ut i april, barnebursdagar er det mye betre å feire på sjøen enn i stova. Mai og juni er dessutan alltid hektiske med munnleg eksamen og skriftleg sensur sidan eg au arbeider i vidaregåande skule. Og så får eg sjølvsagt med meg eit par bunker med heildagsprøver heim som elevane ventar å få tilbake første skuledag etter påske.

Da eg var lita var påska ei stille tid. Butikkane stengte tidleg før heilagdagane, og dei var stengte fleire dagar på rad. Eg hugsar eg syntest det var litt keisamt. Det blei liksom litt mange sundagar på rad. Påskeferien er framleis ei roleg tid, det er ferie, men ikkje noen shoppeferie, sjølv om vi solgte mengder av påskeserviettar, påskeegg og påskekyllingar i veka før påska da eg dreiv bokhandel. Før jul tar det jo heilt av, og vi bruker meir pengar i samband med jula kvart år. Men i påska er som sagt dei fleste butikkane stengt, og det er heller ikkje bytterush eller påskesal veka etter.

Eg opplever ikkje at den religiøse høgtida vi går inn i no pregar samfunnet i særleg grad som religiøs høgtid. For meg og veldig mange andre er dette ferie og, og det er ferien, ikkje det religiøse aspektet folk er opptatte av. Skal ein vere heime eller dra på fjellet? Skal ein få ut båten eller reise til eit badeland i Danmark?

Hadde eg ikkje hatt barn i skulen, hadde eg i grunnen ikkje trengt å forholde meg til dei religiøse høgtidene i det heile. Men kvar jul og kvar påske må eg skrive i meldingsboka at barna mine ikkje skal delta i skulegudstenesta. Ordninga med skulegudsteneste er visstnok heilt frivillig. Det er i teorien, ikkje i praksis. Det er ikkje slik at ein melder seg på gudstenesta, men ein må melde frå skriftleg kvar gong viss ein ikkje skal vere med. Ungane mine blir stadig minna om at dei er litt annleis enn dei andre i klassen, men det taklar dei heldigvis fint. Men det er heilt unødvendig at det er slik.

Fædrelandsvennen hadde eit oppslag rett før jul om at 95 prosent av elevane i Vest-Agder deltok på julegudstenesta, den såkalla frivillige. Det høyrest ikkje akkurat ut som eit frivillig tilbod viss ein samanliknar med kor mange som deltar på gudstenester elles. Bare 13 prosent på landsbasis går i kyrkja på julaftan. Og det er den dagen suverent flest går i kyrkja! Vi har jo framleis ei statskyrkjeordning kor i underkant av 80 prosent av den norske befolkninga står som medlemmar, så eg synest jo det er rart at ikkje fleire bruker kyrkja på ein slik dag. Men eg som humanetikar kan jo sjå på det på ein annan måte, det er faktisk ikkje så viktig for foreldra at barna går i kyrkja. Og sidan skulen ordnar den årlege turen, slepp foreldra å tenke meir på det.

For meg er påska ei overgangstid mellom vinter og vår. Eg gleder meg over nytt liv, fargar, lys, ferie og naturen sin syklus. Eg gleder meg til tida framover med varmare og lysare dagar, mange nye blomar som tittar fram i hagen, turar på sjøen utan masse båtar og folk overalt. No er det snart dags for første utepils på Fiskebrygga; det er ikkje vondt å sjå fram til. Mange kjenner no at dei får masse energi og initiativ er mye meir ute. Utruleg kva lyset gjer med oss!

Dessutan held jo gartneria ope i heilagdagane, der er ikkje heilagdagane så heilage heldigvis. Eg hjelper gjerne hagen mot vår ved å spa beda og plenen fri for snø når eg meiner at vinteren har vart lenge nok. Tolmodig har eg aldri vore! Men det er ein fryd å følgje med på nye spirar, på det vesle magnoliatreet som allereie sto i blomst for over ei veke sidan, på keisarkronene som eg kvart år håper skal blomstre før liljebillene prøver seg og på ugraset som taper kampen for meg som er ein veldig ivrig hobbygartnar no!

Eg er ikkje akkurat den einaste å sjå verken i båthamna eller på gartneria, og eg er sikker på at veldig mange bruker påska til det same som meg. Det er godt med noen rolege dagar, eller i alle fall dagar som du bestemmer over tida di heilt sjølv. Og det beste hadde jo vore at påska hadde vore på same tid i april kvart år!

Dei aller fleste nordmenn feirar ikkje påska som ei religiøs høgtid, men det er feriedagar kor dei kan feire at våren er komen. La det vere dei vel unt.