Agder er ein spennande region med eit stort potensial for vidareutvikling. Dei to Agder-fylka er leiande industrifylke med eit internasjonalt orientert næringsliv som har evna å satse på miljøteknologi. Regionen har fått på plass eit universitet som har vist evne til å samarbeide med arbeidsliv og samfunnsliv.

Det er på tide at vi grip fatt i dette utgangspunktet for å gjere Agder til ein endå betre region å arbeide og bo i, og sikre at vi er godt skodd til å møter dei utfordringane vi står overfor. Etter tiår med marginalisering er det på tide å samle kreftene i eit felles løft for landsdelen.

Sørlandet er leiande blant industriregionar i landet. Både prosessindustrien og olje— og gassindustrien er betre kjent i utlandet enn i Oslo. Til om med i vårt eige fylke er det mange som ikkje er klar over kor leiande sørlandsindustrien er, og kor sterk posisjon den har internasjonalt. Berre for få år sidan var det mange som spådde at industrien på Sørlandet ville forsvinne, men slik har det ikkje gått. Tvert imot.

Sørlandet ligg i tet når det gjeld miljøteknologi, men det er ein posisjon som vi må kjempe for å halde fast på. Vi må profilere miljøsatsinga og skape meir forsking og utvikling på dette området. Det er på tide at Agderbenken reiser krav om at Forskingsrådet, ENOVA og Innovasjon Noreg går saman med oss om å gjere Agder til ein pilotregion for miljøteknologi og miljøvennleg energi.

Miljøkrava og dei utfordringane som klimatrusselen skaper, er i ferd med å endre seg frå eit problem til ei muligheit for industrien. Som eksempel kan vi nemne at det er 26.000 arbeidsplassar i vindmølleindustrien i Danmark - og bedrifter på Sørlandet leverer komponentar til denne industrien.

Noreg er eit høgkostland, og norsk industri har topp kompetanse på alle nivå frå operatør til forskar. Derfor har vi spesielt gode føresetnader for å skape framtidsretta arbeidsplassar som er levedyktige i eit klimavennleg samfunn.

Med støtte av mange gode krefter har Universitetet i Agder gjort eit krafttak og løfta seg etter håret frå høgskole til universitet. Engasjerte og entusiastiske tilsette har bygd opp kompetanse og utvida undervisnings- og forskingsaktiviteten. Men dei sentrale styresmaktene følgjer dårleg opp. UiA er framleis langt frå å få finasiering på nivå med andre norske universitet. Det går ikkje minst ut over forskingsaktiviteten som er ein viktig pilar i universitetsbygginga.

Den dårlege finansieringa gjer det vanskeleg for UiA å fylle den rolla universitetet vil ha i regionen. Det er etablert gode samarbeidsrelasjonar med arbeidsliv og samfunnsliv. Men med dårlegare finansiering enn andre universitet får ikkje regionen full utteljing for det potensialet som ligg i universitetsetableringa.

Den svake finansieringa av universitetet er også dårleg ressursutnytting i eit nasjonalt perspektiv. For å komme på nivå med dei etablerte universiteta treng UiA 150 millionar kroner ekstra per år. Det er på tide at Agderbenken krev å få på plass ein opptrappingsplan over tre til fem år.

Universitetet er toppen av utdanningspyramiden. For å bygge det framtidige Agder er det viktig å styrke utdanninga på alle nivå. Vi må sikre god kvalitet i grunnskolen med tidleg innsats, og vi må skape ein vidaregåande skole som er tilpassa elevane og gir mindre fråfall. Eit element i dette er meir praksisretta undervisning. Kvalitet og trivsel i skolen er også eit sentralt tiltak for å redusere dei sosiale problema på Agder og skape ein livskraftig region.

Bedriftene på Agder har vist at samarbeid gjer dei i stand til å møte nye utfordringar. Dei har slått seg saman i organiserte nettverk som NODE-nettverket og Eyde-nettverket. Dette er fora der bedriftene samarbeider om viktige felles mål, sjølv om dei konkurrerer på andre arenaer. Det er kanskje noko Agderbenken kan lære av.

Agderpolitikarane har dei siste åra hatt fokus på veg og samferdsel. Tida er no moden for eit nytt løft for kompetanse, miljø og framtidsretta arbeidsplassar - det nye Sørlandsløftet. Agderbenken er utfordra.