Noreg og dei andre nordiske landa er kjent for å vere egalitære samfunn med moderate forskjellar og gode velferdstilbod. Landa er karakterisert av eit lågt konfliktnivå og ein relativt liten avstand mellom styrande og styrte. Dette er sentrale verdiar som vi tar for gitt, men som no er under press. Sterke krefter med religiøs tru på marknad og privatisering kan rive vekk grunnlaget for vår solidariske velferdsmodell.

I debattopplegget «Norden som global vinnarregion» har den danske tenketanken Måndag Morgon og Nordisk Ministerråd prøvd å kartlegge det særprega nordiske. Tenketanken peikar på at Norden er karakterisert av eit sett verdiar som særpregar desse landa i forhold til andre land. Det er verdiar som likskap – det egalitære samfunn, tillit – ein stolar på kvarandre, inkludering – alle skal vere med, og liten avstand til makta – respekten for makta er ikkje så stor.

Samfunnsvitaren Gudmund Hernes legg vekt på den sosiale kapitalen i den nordiske og den norske modellen. Han omtalar ein kultur med felles normer for kva som er akseptable mål, og kva som er akseptable middel. Sentralt i den nordiske modellen står relativt stor grad av sosial likskap, men ikkje minst aksept for likskap, for eksempel ved at alle utan omsyn til byrd og rang har rett til dei same tenestene. Den andre sentrale byggesteinen i den nordiske modellen er det sosiale samhaldet. Det er stor grad av gjensidig forståing og respekt mellom ulike grupper, også dei som har motstridande interesser.

Økonomen Kalle Moene kallar den nordiske modellen for ei forsikringskontrakt. Dei nordiske landa tilbyr innbyggarane sine ei sosial kontrakt som gir forsikring frå krybbe til grav. Innbyggarane er forsikra mot uheldige utfall i «fødselslotteriet». Det spelar ikkje så stor rolle kven dine foreldre er. I høve til andre land er det relativt små forskjellar på folk. Velferdsstaten med sine universelle støtteordningar gir tryggleik og valfridom til alle.

Verdigrunnlaget i den nordiske modellen har ikkje komme av seg sjølv. Det er ikkje minst eit resultat av den kampen som fagrørsla og arbeidarrørsla har ført. I dag tar vi godane i den nordiske modellen for gitt. Det er lett å gløyme at kampen ikkje er over, og at dei grunnleggande verdiane må forsvarast mot stadig nye angrep. Høgresida i politikken har aldri vore glad i den solidariske velferdsmodellen, og no rustar dei til kamp mot det grunnlaget den bygger på.

Det er få som vågar å argumentere i mot den solidaritetstanken som ligg til grunn for den nordiske modellen. Men den er like fullt under sterkt press frå grupper som vil svekke offentleg sektor og bryte ned dei økonomiske og samfunnsmessige føresetnadene for ein solidarisk samfunnsmodell. Dei partia som snakkar høgst om norske verdiar, er dei same som kjempar hardt for å svekke den norske og nordiske samfunnsmodellen.

I nittiåra gjekk høgresida i norsk politikk til stormangrep på den nordiske modellen. Den var pill roten og knaka i sine grunnvollar, blei det hevda. Velferd og solidaritet var vel og bra, men det skada verdiskapinga, blei det sagt. Det politisk korrekte på den tida var å hevde at ein sterk offentleg sektor med gode tenestetilbod til alle var ein klamp om foten for vekst og utvikling.

Rause velferdsgodar og små lønnsforskjellar var idealistisk snillisme som skada konkurranseevna, hevda marknadsliberalistane. Vi måtte slutte med likemakeri og sleppe fram dei som kunne skape store verdiar. Finansmarknaden med sine bonusar og samansette produkt var ledestjerna, og Island blei trekt fram som eit godt eksempel. Det var ikkje det at høgresida var mot solidaritet, men vi måtte forstå at solidariteten øydela for alle, blei det hevda med overberande smil.

Men på eit eller anna tidspunkt etter tusenårsskiftet snudde denne vinden. Det begynte å komme rapportar frå internasjonale fagmiljø som ønska å studere den nordiske modellen. Etter rådande økonomisk ideologi skulle det ikkje vere mogeleg å ha full sysselsetting og økonomisk vekst i eit land med små lønsforskjellar og ein sterk stat med gode sosiale ordningar. Den nordiske modellen stemte ikkje med teoriane til dei politisk korrekte marknadsliberalistane.

Etter kvart er det mange som har innsett at det nettopp er den sterke velferdsstaten som skaper den tryggleiken og den valfridomen som skal til for å sikre fornying og vekst.

Den nordiske modellen er ikkje berre eit moralsk imperativ. Den er også ein god basis for verdiskaping og internasjonal konkurransekraft. Høgresida i norsk politikk kan ikkje lenger bruke effektivitet og økonomisk vekst som argument for større forskjellar og mindre solidaritet.

Så kom finanskrisa, og argumenta til høgresida fekk ein ny knekk. Marknadsliberalistane hadde lenge fortalt oss at dei astronomiske bonusane i finansnæringa var ein naturleg og nødvendig del av ein dynamisk økonomi, og at alle reguleringar var av det vonde. Kritikk mot dette systemet hadde ikkje noko med solidaritet å gjere. Det var berre misunning og misforstått likemakeri, hevda liberalistane. Men etter finanskrisa fekk også desse argumenta ein knekk.

Sentrale forkjemparar for marknadsliberalismen har no stått fram og sagt at det nettopp var grådigheit og mangel på regulering som skapte krisa. Og ikkje nok med et. Det har vist seg at den nordiske modellen med ein sterk offentleg sektor har hatt dei beste føresetnadene for å møte krisa. På tross av dette held høgrepartia fram med å kjempe for den økonomiske politikken som skapte krisa og som vil fjerne grunnlaget for den egalitære nordiske velferdsmodellen.

I dag er det mange som ropar høgt om forsvar for norske verdiar. Men det er ofte dei same grupperingane som vil fjerne grunnlaget for den norske samfunnsmodellen bygd på sentrale verdiar som solidaritet, likskap, fellesskap, inkludering og sosial tryggleik. Dette er verdiar som det har kosta mykje å kjempe fram og som no er under fornya press. Venstresida kan sjå fram til ein verdidebatt med løfta hovud.