At fleirtalet av innbyggarane i alle kommunane rundt Kristiansand , seier nei til å gå inn i ein storkommune, skal ein ikkje undrast på. Kva skal bli så mykje betre? Kva med demokratiet? Til og med i dag er det fleire bydelar i Kristiansand, som ikkje har representantar i bystyret.

Utkant til Kristiansand

Kva med Songdalen og Birkenes; har dei betre sjansar til å bli representert? Det freistar ikkje mykje å bli ein utkant til Kristiansand. Det er aldri greit å vere ein utkant, men å bli det i Stor-Kristiansand, er verre enn noko. Når har kristiansandarane vore rause? Er det nokon grunn til å tru at dei skal bli rause nå? Dei som meiner at alt nord for Mosby er gokk, og ser ned på folk i frå landsbygda? Eit skrekkens døme på det, har eg frå den tida Grenaderen Motell og Kafeteria var nytt. Den vart med ein gong svært populær , og mange kristiansandarar stoppa og åt middag der, på veg ned frå Hovden, sundag ettermiddag. Eg stod i disken der, og opplevde ein gong eit par som kom inn for å prøve menyen. Dei stod og såg seg rundt, og så kvinna: Gid! Tenk at dere har et sånn sted her på Evje?

Les også :

Utsagnet får så for seg sjølv. Eg kunne nemne mange andre døme, men vi er i grunnen blitt så vande med slike utsagn, at det bit ikkje på lenger. Vi kan stå aleine, og det har vi vist.

Nokonlunde samme kultur

Eg er ikkje imot sammanslåing av kommunar, men det bør vere av kommunar som har nokonlunde samme kultur. Lillesand og Birkenes samman ville bli ein grei kommune på ca 15000 innbyggjarar. Er ikkje det ein grei storleik? Samme med Søgne og Songdalen. Ikkje så altfor store, men busett av landsens folk som forstår kvarandre.

Og kvifor vil Vennesla vere åleine? Eg har nemnt det før, og eg nemner det igjen; dei er lei av å bli mobba av kristiansandarar!

Enn så lenge ser det ut til at Evje og Hornnes ikkje er i faresonen. Men skulle Evje og Hornnes bli ein utkant til Kristiansand, då er det grunn til å flytte, og ikkje sørover men nordover. Bykle er ein god kommune å bli gammal i!