Det kan eg godt forstå. Dumme og dårlege karikaturar er hån mot dei som trur på slikt. (19.01) Men når det er sagt, undrar eg ofte over kvifor kristenfolket knapt les bøker om sakleg forsking på religionen. Då tenkjer eg ikkje på kristen forsking, for dei har gjerne gud som føresetnad når dei byrjar. Då blir det feil fordi det ikkje fins eit einaste bevis på gud eller gudar. Viss nokon trur at dei kan bevise gud, vil eg gjerne høyre om det fortast. Ofte er det ei misforståing. Dei har kanskje ikkje lært om evolusjonen og trur på ei skaping. Derimot fins det mengder av indikasjonar på at gud ikkje fins. Etter å ha lese mange bøker og artiklar om den vestlege religionen, blir eg meir og meir trygg på at Bibelen i realiteten er ei bok om mytologiar i Midt-Austen — ettersom det er element frå heile området.