Prøv å tenkje deg at nokon for eit halvt år sidan hadde spådd ei finanskrise der regjeringane i land etter land må ta styringa over finansinstitusjonane. Ein slik vanvittig ide ville i beste fall blitt møtt med overberande smil i kretsar som meiner seg å ha greie på slikt. Men no har det likevel skjedd. Det gjer eit sterkt inntrykk når den tidlegare sentralbanksjefen i USA, Alan Greenspan, vedgår at han ikkje forstår kva som har skjedd. Greenspan som var den store guruen for dei som trur på frie marknader, beklagar no at han avviste behovet for meir kontroll og trudde for sterkt på at eigeninteressene til finansinstitusjonane ville regulere marknaden.

Dei siste tiåra har vi sett at finansverda har styrka sin posisjon i forhold til dei folkevalde politiske institusjonane. Medieoppslaga når statsbudsjettet blir presentert, er eit symptom på denne utviklinga. Journalistane er stadig meir opptatt av korleis børsen reagerer på budsjettet, og kva meklarane trur det vil bety for kursutviklinga. Konsekvensane for skole, helse og miljø druknar lett i det meir spektakulære børsstoffet. Børsen og børsanalytikarane har blitt dommarane som politikarane søkjer å finne nåde hos.

Men no er politikarane og dei demokratisk valde institusjonane med eit slag tilbake på pallen. Finanskrisa har vist at finansverda som gradvis har skaffa seg større makt og innflytelse, ikkje har evne til å ta ansvar og ordne opp når det røyner på. Dei demokratiske valde styringsorgana måtte ta over og ta i bruk styringsverktøy som marknadsliberalistane i lang tid har bannlyst. Og så langt ser det ut som om politikarane har ei støare hand på rattet enn dei uregulerte finansinstitusjonane.

Det er for tidleg å dra bastante konklusjonar både om årsaka til og konsekvensane av finanskrisa. Men ein del forhold er det grunn til å merke seg. Krisa rammar ikkje berre dei som har skapt den. Som vanleg er det dei som har minst ressursar og minst ansvar for krisa, som blir hardast ramma. Det gjeld både nasjonalt og internasjonalt. I vår del av verda kan folk med dårleg økonomi misse hus og inntekt, og i utviklingsland vil fleire lide naud og døy av matmangel. Det er viktig å ha desse perspektiva med når vi diskuterer kva konsekvensar krisa bør få, og kven som bør høyrast i den debatten som må komme.

Ei krise som rammar så breitt, og som stiller så store krav til vårt politiske system, bør utløyse ein omfattande samfunndebatt. Økonomar og finansekspertar må gjere sin del av jobben og presentere sine forklaringsmodellar og sine forslag. Men det vil vere uansvarleg å overlate debatten til dei åleine. Det er viktig å få ein brei debatt i det offentlege rom der ulike perspektiv blir belyst og ulike synspunkt kan brytast mot kvarandre. Krisa har vist oss at det ikkje berre er finansøkonomien som har fjerna seg for langt frå realøkonomien. Vi opplever også at ein del av dei som lever på toppen av finansinstitusjonane, har fjerna seg for langt frå samfunnet utanfor.

Krisa bør føre til fornya diskusjon om ein del av dei haldningane og teoriane som har dominert samfunnsutviklinga dei siste åra. I mange miljø har det blitt legitimt og til og med høgverdig å satse på eigeninteressene framfor solidaritet og felles innsats. Enkelte har jamvel hevda at grådigheit er ei viktig økonomisk drivkraft. Summen av eigeninteressene vil på sikt bli til det beste for alle, har mange hevda. Dette har blant anna skapt overdådige leiarbonusar som stadig fleire ser galskapen i. Og ikkje overraskande er det dei som tidlegare har hylla dette systemet, som no kappspring til media for å få oppslag om sin kritikk.

Men det er ikkje berre leiarar som nyt godt av rause bonussystem. Mange meklarar har også hatt saftige bonusar som har premiert omsetning og blåst opp utlåna. Og det er ikkje berre i finansinstitusjonar vi har sett denne utviklinga. Mange bedrifter og organisasjonar har etablert bonus— og insentivsystem som premierer individuell innsats for auka omsetning og større volum framfor andre omsyn. Vi bør kanskje stoppe opp litt og lytte til Greenspan når han vedgår at han har hatt for naiv tru på eigeninteresse som drivkraft.

Erfaringane frå finanskrisa bør også få konsekvensar for debatten om forholdet mellom offentleg og privat sektor. Liberalistane som har hatt eit visst gjennomslag for sine synspunkt, ser på ein stor offentleg sektor som ein fare for samfunnsutviklinga. Det er berre privat sektor som har skaparkraft og initiativ til å drive samfunnet framover og tilfredsstille individuelle behov, blir det hevda. Men i dagens finanskrise, er ein stor offentleg sektor ein stabiliserande faktor. Rett nok har enkelte kommunar prøvd seg i finansmarknaden, men det utgjer ein forsvinnande liten del av den offentlege økonomien.

Finanskriser og økonomiske kriser er ikkje eit ukjent fenomen i nyare tid. Men dei har stort sett ramma land i Latin-Amerika og i Asia. Når det internasjonale pengefondet, IMF, har gått inn for å hjelpe slike landa ut av krisa, er det stilt krav om at dei må slanke staten og redusere den statlege styringa. Venstresida har lenge kritisert pengefondet fordi det på denne måten tvingar utviklingsland inn i ein liberalistisk politikk og gjer det vanskelegare for styresmaktene å ivareta sitt sosiale ansvar. Men når krisa rammar USA som har den reelle kontrollen over pengefondet, så går staten tungt inn. Dette er ei form for dobbeltmoral som dei økonomiske stormaktene bak pengefondet ikkje kan leve med. Dersom resultatet av ein konsekvent liberalistisk politikk er uakseptabelt for USA, så bør det vere endå meir uakseptabelt for fattigare og mindre utvikla land.

Det er altfor tidleg å trekkje konklusjonar og dele ut karakterar til ulike aktørar. Men mange har blitt overraska over kor raskt politikarane har klart å handle både nasjonalt og internasjonalt. Vi har sett ei handlekraft og ei dugnadsånd som ser ut til å ha funne gjenklang blant folk flest. For ein miljøaktivist er det naturleg å spørje kvifor vi ikkje har opplevd det same engasjementet og den same handlekrafta i forhold til klimatrusselen. Politikarane skuldar på at veljarane ikkje vil vere med på nødvendige endringar for å redde klimaet. Men kanskje kan vi også her lære noko av finanskrisa. Kanskje er det politikarane si manglande kriseforståing og handlekraft som er det største problemet i klimapolitikken.