I 1920-åra vart også over 10.000 arresterte pga politiske haldningar. To personar vart avretta. USA har sett svært strenge krav om kven som får kome inn i landet. Fjermeros skriv det som er rimeleg sant i denne saka, men han løyner noko viktig. Det er hans tidlegare politiske ideal.

Ayn Rand og USAs «åpne grenser»

Fjermeros var medlem av AKP(m-l) og dei skulle gjere væpna revolusjon i Noreg. Føredøma deira var Mao, Lenin og Stalin. Det var deira styresett som skulle brukast i Noreg. Under Stalin var det kvotar som fortalde om kor mange i kvart område, som skulle avrettast. Om lag ein million menneske vart avretta i 1930-åra i Sovjet. Stalin utførte også etnisk reinsing i Aust-Europa etter krigen. Rundt åtte millionar menneske måtte flytta frå heimane sine og flytta til nye heimland. Til dømes måtte polakkar som budde i Ukraina flytta til Polen som hadde fåtte nye grenser. 400.000 finnar måtte dra frå Aust-Karelen til det som er Finland i dag.

Kvifor samanliknar ikkje Fjermeros USA med Stalin sitt Sovjet?