Det vesle landet Norge har vanskar med å ivareta sine majoritetsverdiar, med å gi eigne verdiar rom og levevilkår. Fordi ein er så oppteken av toleranse og likeverd for minoritetar og andre livssyn, kjem ein i fare for å minorisera majoritetens verdigrunnlag og leggja seg open for sekularisering og verdioppløysing generelt.KRL-faget gir cirka 55 prosent av tida til kristendomskunnskap. Og då skal trusopplæring i form av forkynning og praktisering av trusformer ikkje vera med. Kunnskap, ja, men ikkje kjennskap og erfaring, anna enn ei og anna skulegudsteneste i tradisjonens namn. Over 80 prosent av landets innbyggjarar soknar til statskyrkja og høyringsrunden om skilje stat/kyrkje synte at majoriteten av høyringsinstansane vil ha det slik. Korleis rimer dette med at det offentlege skuleverket ikkje skal ivareta sin minstedel av trusopplæring, dvs. stilla lokale/tid til disposisjon for konfirmantundervisning? Korleis kan lovgivarane, folkets representantar, legitimera ei slik tømming av andeleg verdiskaping i skuleverket?I 2003 vedtok Stortinget trus— eller dåpsopplæringsreforma, som legg ansvaret for reproduksjon av majoritetens levande trusverdiar over på lokale aktørar, sokneråda i Den norske Kyrkja. I sokneråda sin regi skal det skapast fora for dåpsopplæring frå 0-18 år, i samarbeid med friviljuge organisasjonar i lokalsamfunnet. Det er løyvd 30 millionar til dette for 2004, som kyrkjelydane skal konkurrera om. For Agder bispedømme vil dette innebera 4 - 8 prosjekt anten i einskilde sokneråd eller i samarbeidsopplegg. Andre midlar til grunnmuren i Den norske Kyrkja, nye stillingar t.d, vil ikkje koma i prosjektperioden på fem år. Summen skal gjerne trappast opp til 250 millionar i året, med støtte frå Storting og regjering. Er ikkje dette ein god måte å ivareta både majoriteten og minoritetane sine trusverdiar, ute av skuleverket?Det som no hender er konkurranseutsetjing av trusopplæring for majoriteten av landets befolkning. Det er god høgrepolitikk. Dei andre trussamfunna får automatisk like stor støtte pr. hovud som statskyrkjekyrkjelydane konkurrerer seg fram til. Ein har fått med seg SV og Senterpartiet på dette ved å leggja trusopplæring til lokale einingar (distriktspolitikk). Ein gjer dette som ei reform med prosjektopplegg og har dermed funne ei velkjend form for Arbeidarpartiet som ikkje ser at dette er privatisering av truskompetanse. Men kva vil KrF med dette lokalanarkistiske tiltaket skreddarsydd for pinserørsla sin desentraliserte struktur, som set lok på friske midlar til kyrkjene i landet i fem år og tømmer skuleverket for ansvar for reproduksjonen av nasjonale grunnverdiar? Frp må ha lika at der i reforma ikkje er mellomledd/byråkrati mellom reformsekretariat og sokneråd. Maktkritiske SV har ikkje sett at eit tremannssekretariat med styringsgruppe på 10 sit med kyrkjemakta til å avgjera og løyva midlar til form og innhald på trusopplæring i landet for fem år framover. No har kyrkjelydane i Agder bispedømme kopla seg på eige bispekontor som ressurs-mellomledd.Dette kan vera endå ei reform som legg ansvar over på kommunalt og lokalt nivå, ja, det einskilde sokneråd, utan økonomisk inndekking og langsiktig plan. Mykje av verdiskapinga økonomisk skjer i distrikta. No skal også den andelege verdiskapinga leggjast til lokale einingar, medan ein flaggar ut ein velutbygd nasjonal institusjon som almennskulen, i ein nasjon med statskyrkje. Ein må spørja seg kor flat skal ein majoritet leggja seg i toleransen sitt namn og med normrelativisme og ein forvirra sekularisme som konsekvens. Det må vera eit minstekrav frå lokalt hald, at konfirmasjonsundervisinga i landets grunnlovsfesta religion held fram som før, med lokaler og tid i skuleverket. Å leggja byrder på fellesråd, sokneråd og kommune til lokale og drosje heim etter at skuleskyssen er faren, vil utgjera eit lågmål av statleg og nasjonal ansvarsfråskriving. Når det gjeld skulen, må ein vona at kristne lærarar søkjer seg til den offentlege skulen slik at dei her kan fungera som teltmakarar, utføra sitt yrke med praktiserande tru og på den måten bringa Guds nærver inn i den norske skulen. I Kviteseid kyrkjelyd har me eit misjonsprosjekt i Nepal. Me stør ein lærarstilling ved det frie universitetet i Katmandu; for all forkynning i skuleverket er forbode i Nepal.