Men det er nødvendig å a lesa formålsparagrafen for å bli klar over at målet med skulen ikkje er at elevane skal vere gode i enkelte fag. Det er ikkje nok å vera god i enkelte fag for å vera ein god skule. Det betyr berre at skulen er god i enkelte fag, resultata fortel berre at skulen er god. Det virkar som om skulepolitikarane har liten kjennskap til formålsparagrafen. Eg har ikkje høyrt at paragrafen har blitt nevnt i drøftingar om skulen.

Kunnskap skal vera drivkrafta for å få borgarane til å arbeide for å få samfunnet til å byggje på kristne og humanitære verdiar. Det er viktig at kunnskap er verktøy som skal skape det samfunnet som vi gjerne vil ha.

Osloskulen har basert eit resultatbasert styringssystem. Eit slikt system skaper ikkje trivsel for alle. Systemet fører til mange prøver, og heile systemet er basert på karakterer. Dette fører til at det blir fleire tapare enn vinnare.