Ti fylker er med i ordninga kulturkort for ungdom. Det betyr at ungdom får gratis inngang eller rabatt på billettar til kunst og kulturarrangement. Dette er eit nasjonalt politisk initiativ som tidlegare kulturminister Trond Gidske lanserte. Det kom pengar og ein visjon om at fleire ungdom enn i dag skal bruke fleire kulturtilbod oftare, men det var og alt. Kvart fylke har sin eigen modell, sine eigne logoar og sine eigne målgrupper. Etter eit prøveår i Rogaland, vart Vest-Agder med i ordninga i 2008, etter initiativ frå politikarane. Dei la og pengar på bordet, då dette er eit spleiselag med staten.

Kulturkort for ungdom i Vest-Agder har ein modell der ungdom mellom 16 og 20 år kan bestille eit gratis kort, som har samme format som busskortet. Ved kjøp av billetter må dei vise kortet sammen med identitetskort. Dette er gratis for ungdommen, men til gjengjeld har arrangøren tilgang til navn og telefon og adresse, som dei kan bruke for å drive marknadsføring av sine tilbod. I mange fylke kostar kortet noko, det betyr meir pengar til refusjonar, men er ikkje enkelt å selge.

I Vest-Agder er det bra med bestillingar av kortet, rundt 1000 ungdommer har dette i lomma. I den ideelle verda ser ein for seg kor lett det kan vere for 18 åringen å dra dette opp av lomma for å kjøpe seg ein billig billett til Opera Sør eller til ein symfonikonsert. Musikkens Venner var tydelig på at ungdom med kulturkort skulle komme gratis på konsertane, for det ville vere «kryss i taket» og eit under om ein tenåring skulle forville seg inn i Sigurd Lie salen eller i Malersalen på Gimle Gård for å få med seg ein pianokonsert. Og det ville vere ein positiv merknad til statistikken.

Kortet garanterar ikkje for at fleire unge brukar kulturlivet i Vest-Agder. Men arrangørar kan bruke det i si marknadsføring. God marknadsføring kan vere å gi billege billettar til «først til mølla» prinsippet, dei ti første billettane er gratis, dei beste plassane i salen er reserverte ungdom med kulturkort. Spørsmålet er heller om ein vil ha ungdom som publikum eller er det nok med «utsolgt»?

Ungdommens kulturvaner har endra seg. Den kulturelle skulesekken, kulturskulane og 25 år med Ungdommens Kulturmønstring fører til at ungdom er opne for mange kulturuttrykk. Om dei ikkje går med klassisk musikk «på øyret», viser dei i alle fall respekt for kulturuttrykket når dette blir framført.

Få eller ingen bestilte Kulturkortet i Vest-Agder i starten. Då var det bare arrangørar som Agder teater, Kristiansand Symfoniorkester, Opera sør, museer og norske filmar på kino i vestfylket som var ein del av avtalen. Så gjorde vi ein avtale med Quart festivalen, og bestillingane kom. Seinare er det blitt avtale med fleire festivalar og populære ungdomsarrangement. Kritikken mot denne avtalen er at festivalar og «trashpop»-arrangement er jo noko som ungdommane vil gå på uansett pris – så der var det unødvendig med andre verkemiddel. Motivasjonen for å etablere denne ordninga var nemleg å få ungdom inn i etablerte kulturarenaer med samtidskunst eller klassisk repertoir. Eg trur vi må tenke både og. Eg trur vi og kan tillate oss å bruke kulturkortpengar på transport til kulturhus og andre visningsstader dersom vi meiner det er ein god idé å nå breidt.

I tillegg til at kulturkortet kan bidra til å få fleire ungdommar til å bruke eit kulturtilbod dei elles ikkje vil bruke, må ein heller ikkje gløyme den sosiale profilen. Halvprisbillettar eller gratisbillettar kan vere avgjerande for at enkelte kjøper billetten. Kulturopplevingar bør vere eit gode som alle kan ha glede av – uansett sosial bakgrunn og økonomisk handlerom.

Nokre sentrale EU program legg mykje vekt på at prosjekt er inkluderande. Slik ser vi at tankegangen rundt kulturkort passar inn i ein større sammenheng. Spørsmålet er om vi når ut til alle vi gjerne vil ha tak i. Får arrangørane ut informasjonen til ungdom som ikkje les aviser, som ikkje har foreldre som følger med på ulike tilbud, som ikkje kan norsk? Utfordringane står i kø – og vi som jobber med dette og ønsker å nå ut med «det glade budskap» må jobbe aktivt. To stikkord er informasjon og invitasjon. Og med invitasjon krev det oppfølging, om ikkje anna så må ein ta godt imot dei som vågar seg inn i teatersalen, eller konsertsalen.

Mandal kommune har hatt eit forsøk for å nå dei fleste i nærmiljøet. Der er det Mandal barne— og ungdomsråd som bestemmer innhaldet i kortet. På den måten får dei og eit nettverk av ungdom som kan få ny informasjon om nye arrangement.

Kvifor er vi så opptekne med å fylle salen med publikum? Kvifor brukar vi tid og ressursar på å finne «fiffige» metodar som kan få folk med ulik bakgrunn til å bruke kulturlivet?

Kulturhus og kulturarrangørar er avhengige av å fylle husa sine for å tene til drift og aktivitet. Kunstnarar treng publikum. Det offentlige gir millionar til kunst og kultur, nettopp for å treffe eit publikum. Vi påstår at kunst og kultur gir livskvalitet. Vi påstår at kunst og kultur er verkemiddel for å skape refleksjon og samfunnsengasjement. Kunst og kultur er i alle kulturar – og vi treng å vise breidda og mangfaldet. Det moderne samfunnet gir så mange val – og publikum treng informasjon.

Denne lista kan vere lang, og vi kan alle supplere med argument. Sommaren er her med alle sine festivalar, bygdespel og bygdedagar, sommarutstillingar og parkkonsertar og torgkonsertar og snart er Kilden (Kristiansand) og Buen (Mandal) og nytt kulturhus i Flekkefjord og Vennesla kulturbygg ferdige. «Utsikten» i Kvinesdal, Kvinesdal kulturhus, Lyngdal regionale kultursenter, Tingparken (Hægebostad), Fleirbruksbygg i Åseral, Marnardal, Audnedal, Søgne gamle Prestegård, Sirdal kulturhus. Og så er det all aktiviteten på fyr og i gamle industrilokaler og bedehus og ungdomshus. Alle vil ha, og treng eit publikum. Det er umogeleg å ta lett på den oppgava.

God sommar med gode kulturopplevingar.