Noen ord seier ingenting. Andre kan få deg til å sjå samanhenger heilt på nytt.

Heime er eg ein trassig masekopp som freister å få borna til å fatte kor mykje meir vist og talande nynorsk er enn den fornorska dansken. Som oftast nyttelaust.

Derfor ropa eg triumferande ut frå godstolen: " Er det rart dykk unge ikkje har moral lenger, dykk trur jo det er ein spøk!!!

Eg hadde just lest ordet SAMVIT.

Der bokmål nytter sam vittighet og får den indre stemma til å bli noe komisk, taler nynorsk om det vitet vi har saman. Er det ikkje flott?

Me fekk ein god prat.

Kjærleik er og eit slikt ord ein kan smatte på. Kjær leik. Mykje betre enn "heten" på bokmål. Kjenslevar er eit anna døme. Av og til kan eitt lite ord opne heilt nye horisontar.