Ute i Europa blir kommunisme stadig oftare samanlikna med nazisme. Fagmiljøa her hos oss har gjort få samanlikningar og skrive nesten ingenting om dette.

Både den kommunistiske og nazistiske styreforma byggjer på diktatur og einretting. All opposisjon er farleg og skal utryddast. Målet til begge ideologiane er å skape eit lykkesamfunn. Dei var og er også aggressive. For å påtvinge grannelanda viljen sin, gjekk dei til krig. Tenkte folk annleis vart dei sette i konsentrasjonsleir. Kommunistane oppretta dei første konsentrasjonsleirane tidleg i 1920-år. Dei hadde også den største leiren som var i drift til ut i 1950-åra. Kommunistane sitt mål var og er å utslette borgarskapet. I nazismen opererar ein med undermenneskje, først og fremst jødar og sigøynarar. Etter kommunismen sitt fall i Aust— Europa, er det blitt lettare å samanlikna kommunistisk og nazistisk okkupasjon. I det følgjande skal eg samanlikne Noreg med Ukraina.

Frå 1660 til 1750 vart svært få eller ingen menneskje avretta i Noreg fordi dei gjorde opprør eller motstand mot styresmaktene. Etter 1750 og fram til 1940 avretta styresmaktene ingen av slike årsaker. Tre kjende «oppviglarar», Christian Lofthus, Hans Nilsen Hauge og Marcus Thrane, fekk alle fengselsstraffer. Og det var få personar som vart fengsla på grunn av oppvigleri. Under streikane i 1920- og 30-åra kunne dei streikande sove trygt. Politiet trakasserte ikkje sovande, streikande arbeidsfolk.

Nazistane okkuperte og styrde i Noreg frå 1940-45. I dei åra vart om lag 40.000 personar arresterte for å motarbeide nazistane. Vel 1000 fangar vart sendt til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Omlag 300 fangar mista livet i desse leirane. 734 norske jødar vart drepne i Tyskland. Nazistane avretta 417 nordmenn. Totalt kosta krigen livet til ca 10.000 nordmenn. Nazistane nådde eit av måla sine i Noreg. Landet vart utan jødar. Det er i lys av dette ein må sjå rettsoppgjeret etter krigen. Ein avretta 30 personar og om lag 10.000 personar vart fengsla for å ha ytt hjelp til nazistane. Tida 1940-1950 var totalt annleis enn hundreåra framføre og tida som har gått etterpå.

Noreg og Sovjetunionen var allierte etter 1941. Kommunistiske soldatar frigjorde Finnmark i 1944. Styrkane trekte seg attende i samsvar med avtalen. Tilhøve mellom soldatane og norske sivile var godt. Ved freden var det ca 83.000 sovjetiske krigsfangar i Noreg. Før dei reiste attende til kommuniststaten Sovjet, fekk mange av dei god kontakt med nordmenn. Fangane lova å skrive nordmennene. Men ingen gav lyd frå seg så lenge kommunistane styrde i Sovjetunionen.

Ukraina vart innlemma i den kommunistiske Sovjetunionen i 1922. I starten av 1930-åra vedtok kommunistane å kollektivisere jordbruket. Dei ukrainske bøndene nekta å gi frå seg mat til sentralstyresmaktene. Kommunistane sendte då soldatar ut på landsbygda og tok all mat frå folk. Dei matlause vart nekta å flytte på seg. Resultatet av dette var at mellom åtte og ti millionar menneske på landsbygda svalt i hel. Kulakkane, bøndene, var utrydda. I Ukraina blir denne hendinga kalla «Holodomor», drap ved hjelp av svolt.

Kommunistpartiet oppdaga heile tida nye folk og grupper som motarbeidde dei. Frå 1937 sende derfor kommunistane ut ordre om å rydde opp. Dei hadde to kategoriar. Kategori I skulle skytast med ein gong, og kategori II skulle arresterast og deporterast til konsentrasjonsleirar. Berre i 1938 vart godt over 2000 menneskje skotne og over 100.000 arresterte. Kommunistleiarane i Ukraina overoppfylte kvoten og bad om å få lov til å skyte og arrestere fleire menneskje. I tida 1938-41 og 1943-48 arresterte kommunistane minst ein million ukrainarar. Dei arresterte fekk aldri dommar på under fem år. Truleg omkom minst halvparten av dei i kommunistiske konsentrasjonsleirar.

Nazistane gjekk til krig mot Sovjetunionen i 1941. Krigen bølgja fram og attende fleire gonger i Ukraina. Ein reknar med at om lag åtte millionar ukrainarar mista livet i krigen. I 1947 var det på ny svolt i landet. Ingen veit kor mange menneskjer som døydde av den.

Ein eldre mann fortalde i eit intervju at nazistane skaut to og kommunistane ein av familiemedlemmene hans. Frå hans synsstad var det liten skilnad på det kommunistiske og det nazistiske styret. Og først då kommuniststyret braut saman, vart Ukraina vart igjen eige land.

Historikarar har til nå lagt hovudvekta på følgjene av nazismen. Dei har ikkje sett søkelyset på følgjene av kommunistiske diktatur. Eit slikt søkelys minskar ikkje nazistane sine ugjerningar. Men kvifor har norske fagfolk svikta ofra for kommunismen? Først i dei siste åra har lagnaden til krigsfangane kome fram i lyset. Det er personar utanfor universiteta som har skrive om fangane.

«Radikale historikarar» ikkje har ønskt å fortelje om kommunistane sine brotsverk. Men der er i tillegg to kommunistparti. Tidlegare var det «gamal- kommunistar» ved læreseta. Dei passa på at ingen skreiv for negativt om kommunistland. I starten på 1970 åra kom ei ny kommunist rørsle, AKP(m-l). Det var først og fremst unge studentar som slutta seg til rørsla, som ville gjennomføre væpna revolusjon i Noreg. Det fremste målet deira var statsminister Trygve Bratteli. Bratteli er vurdert som den mest heilstøypte statsministeren me nokon gong har hatt i Noreg. Han hadde vore fange i tyske konsentrasjonsleirar under krigen.

AKP(m-l) såg ingen ironi i at ein tidlegare nazifange var den fremste motstandaren deira. I dag drøymer ingen om væpna revolusjon i Noreg, men kor er dei som drøymde denne tanken i 1970-åra? AKP(m-l)-folk er tilsette ved universiteta, aviser og media. Frå desse posisjonane sørgjer dei for at ingen skriv negativt om kommunismen. Og derfor vil det gå lenge før ein frå norske universitet får ein samanliknande studie av kommunistisk og nazistisk styre.