Mandag den 19. klokka 09,05 vart Kåre Willoch intervjua av Nrk Ekko om årsaker til terrorisme mot Vesten. Det fins årsaker til alt, ikkje minst terrorisme. Verst er den i Somalia, Jemen, Nigeria, Syria, Irak, Afghanistan, Libya der kvite kristne frå Vest-Europa i århundrer har karra til seg av deira naturressurser, men også menneskeressurser som slavar. Vi har også prakka på dei vår kultur, språk og religion. Er det rart at dei blir forbanna? På deira bekostning har vi blitt rike. No kjem mange hit til rikdom. Kor er skamkjensla vår som vi stenge dei ute? Willoch drog historiske liner og nemnde Vestens trong for olje frå arabiske land, ikkje minst ved den arabiske gulfen. Vesten okkuperte Gulfstatane for 100 år sidan, delvis på ny for 20 år sidan. Vi skal heller ikkje gløyme kolonitida. Vi kallar det terrorisme når dei gjer opprør mot den herskande krigsmakta frå Vesten. Sjølve er dei blitt fattige, og har ikkje råd til armear. Willoch var altfor snill, sa Lars Gule i dag. Historia er mykje verre. Slik som dette.