Bak oss har vi kyrkjevalet i haust der spørsmålet var drivande for val til bispedømeråda, og med det delegatar til møtet. Kyrkjemøtet har altså på dagsorden eit spørsmål med læremessige konsekvensar for kyrkja og legg avgjerda i hendene på delegatar som er valde etter ein aksjonsprega valkamp, og eit val som er gjennomført heilt løyst frå sin kyrkjelege kontekst. Dette kan ikkje vere rett.

Fellesskap av menneske som trur

Frå barnelærdomen vår hugsar vi frå den tridje trusartikkelen: «Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilag o.s.v.». På latin, det gamle kyrkjespråket, heiter dette siste avsnittet: communio sanctorum. Omgrepet har ein dobbel klang. Det handlar om eit fellesskap av menneske som trur og er sameina med Kristus. Kven dei er, veit vi ikkje. Det kjenner berre kyrkja sin herre.

Les også :

Kyrkja er då djupast sett gjenstand for tru. Men ein stad kjem ho på ein måte til synes. Det er når menneske samlast kring dei heilage handlingane. Dei benkar seg kring ordet som vert forkynt, kring døypefonten der ordet og vatnet blir til eit attfødingsbad, kring alterbordet med dei sterke orda: Jesu lekam og Jesu blod. Communio sanctorum betyr då: Eit samfunn av dei heilage samla om dei heilage ting.

Kyrkjevalet i eit underleg lys

Dersom vi tek utgangspunkt i denne definisjonen av kyrkja, kjem kyrkjevalet i eit underleg lys. Det må vere problematisk både i høve til andre tru— og livssynssamfunn, men ikkje minst problematisk i høve til kyrkja si sjølvforståing. Når pulsslaget er samlinga om ord og sakrament, så må alt som skjer på ein måte forankrast i den sakramentale fellesskapen. Det må ha liner inn til samlinga om Ordet og sakramenta. Eit val som er heilt løyst frå den åndelege fellesskapen i kyrkjelydane kan umogeleg vere den rette måten når eit åndeleg leiarskap skal veljast. Kyrkjeretten la tidlegare vekt på at valet skulle leggjast inntil ei gudsteneste for at kontakten med den gudstenestefeirande kyrkjelyden skulle vere tydeleg.

Som kyrkje må vi ta valet tilbake der det høyrer heime, med kopling til kyrkja som communio sanctorum, og sjølvsagt med ein open invitasjon til alle om å ta del. Kyrkja er ikkje «vår» eller «mi» som ein av og til kan høyre. Ho høyrer Jesus Kristus til, og har sitt mandat få Han.

Når vi så ser og veit at kyrkjemøtet har fått samansetting og profil som resultat av eit val der standpunkt i ei kontroversiell sak, og ikkje kyrkjeleg engasjement og deltaking i kyrkja sitt åndelege liv ligg i botn, då trugar det kyrkja sitt grunnlag.