Fleirtalet i formannskapet (3-1) vedtok at det ikkje skulle haldast folkeavstemming. John Øyslebø (mindretalet) opna for folkeavstemming dersom 0-altemativet (inga samanslåing med andre kommunar) ikkje blir ståande som einaste alternativ.

Fleirtalsvedtaket i formannskapet framstar som udemokraktisk og føyer seg inn i det inntrykket ein har av prosessen i Marnardal kommune. Ca. 500 av kommunens innbyggarar over 16 år har skrive under på eit innbyggarinitiativ om folkeavstemming. Totalt har 536 skrive under, og av dei er ca. 500 over 16 år og bur i kommunen.

Les også:

For ei tid sidan var det eit folkemøte der byråkratar og politikarar orienterte som samanslåingsprosessen, men debatten blei raskt kutta av ordføraren då folket i salen kom med synspunkt. Folkemøtet nå i vår blei avlyst etter at folket i Lindesnes sa nei til kommunesamanslåing i folkeavstemming. Dette er synd, sidan folk i Marnardal burde ha høve til å seie meininga si om prosessen vidare etter at folket i Lindesnes sa nei. Dette burde også kommunestyret i Marnardal vere interessert i sidan kommunestyret i Lindesnes ennå ikkje har fatta endeleg vedtak i saka. Det er det forslaget til John Øyslebø i formannskapet tek høgde for.

Les også :

Det er ein stor frustrasjon i kommunen over at administrasjonen og sentrale politikarar i denne prosessen ikkje vil høyre på innbyggarane i kommunen. Det er derfor ikkje merkeleg at frustrasjonen fører til dels skarpe innlegg på sosiale media, som ordføraren sutrar over i Fædrelandsvennen nyleg. Frustrasjonen blir ikkje mindre ved at sentrale politikarar offentleg har uttalt at det er bare dei som forstår kommunereformen, og at meininga til innbyggarane i kommunen derfor er av liten betydning. Dessverre er det slik i dag — i alle kommunar - - at få av kommunens innbyggarar er interessert i tunge verv i kommunen, og det å bli vald til kommunestyremedlem ikkje er garanti for verken godt skjønn eller evne til å forstå. Eg har den grunnleggande trua at folk i Marnardal kommune er i stand til å vurdere kommunereformane sjølv om dei ikkje har vore medlemmer av kommunestyret.

Eg håpar derfor at kommunestyret i Marnardal har ryggrad nok til å gå mot fleirtalsvedtaket til formannskapet og be om råd fra folket i kommunen gjennom folkemøte og folkeavstemming i samsvar med forslaget til John Øyslebø. Det er på tide at innbyggarane i kommunen får seie si meining om denne viktige saka, og at politikarane i Marnardal lyttar til innbyggarane.