hagestad1.jpg
hagestad1.jpg

Da føderalstaten Jugoslavia gjekk i oppløysing, var Slovenia og Kroatia sommaren 1991 først ute med å erklære seg som sjølvstendige statar. Etter mindre krigshandlingar i ti dagar blei Slovenias sjølvstende akseptert. Kroatia fekk ein langt tyngre overgang til livet som eigen stat. I 1991 utgjorde serbarar 12 prosent av folket i Kroatia. Dei fleste budde nær grensa til Serbia eller Bosnia-Herzegovina. Mange landsbyar var nesten reint serbiske. Styrkar frå Serbia (formelt sett militære einingar frå rest-Jugoslavia) gjekk sommaren 1991 inn i Kroatia. Bitrast og blodigast var kampane om byen Vukovar frå august til november. Etter eit halv år var ein tredel av landet under kontroll av serbarar, som proklamerte oppretting av den autonome serbiske republikken Krajina.

Operasjon Storm

Sommaren 1995 gjekk Kroatia til motoffensiv etter opprusting og militær rådgiving frå USA. Den mest intense krigsfasen var Operasjon Storm 8.-14. august, som gav nederlag for utbrytarstaten Krajina. Om lag 200.000 serbarar blei fordrivne. Dei fleste drog til Serbia, enkelte til den serbiske delen av Bosnia-Herzegovina. EU-utsending Carl Bildt karakteriserte offensiven som den mest omfattande etniske reinsinga under Balkan-krigane.

I 1999 stemna Kroatia naboen Serbia inn for den internasjonale domstolen i Haag (ICI) med påstand om brott på konvensjonen mot folkemord (genocid). Det blei sett fram krav om økonomisk kompensasjon. Etter at saka hadde vore under førebuande behandling i over ti år, svarte Serbia i 2010 med motsøksmål og påstand om kroatisk folkemord på serbarar. Avgjerda frå ICI er på 146 sider. Klagemåla frå kvart land er systematisk gjennomgått, haldne opp mot det som føreligg av faktiske bevis, og prøvd mot krav som må vere oppfylte for at det kan konkluderast med folkemord.

Mishandling og tortur

ICI finn det bevist at serbarane utførte ei rekke drap på sivile og soldatar. Det blir også konstatert mishandling, tortur og seksuell vald. Det skjedde bortdriving av kroatar frå serbiskkontrollerte område. Når det gjeld kroatane, finn retten bevis for at det under Operasjon Storm skjedde planlagt, massiv bortdriving av serbarar, og at hensikta var å få vekk fleirtalet av dei. Det skjedde vidare drap, både på folk i flyktningekolonnar og på attverande sivile serbarar og soldatar som hadde lagt ned våpna. Serbarar blei mishandla av kroatiske sodatar, politi og sivile. Derimot finn domstolen ikkje bevis for at verken Serbia eller Kroatia hadde som intensjon å utrydde heile eller delar av befolkninga til motparten. Derfor blir påstandane om folkemord avviste.

Kroatias statsminister Zoran Milanovic uttalte om avgjerda til ICI at han var skuffa, men godtok resultatet. Serbias president Tomislav Nikolic meinte dommen gav von om varig fred og framgang på Balkan. Han håpte Serbia og Kroatia ville vere modige nok til heretter å løyse alle stridsspørsmål i fellesskap. Skilnaden i reaksjonane avspeglar at Serbia er meir tilfreds med avgjerda enn Kroatia. Serbarane har opplevd at dei er stempla som den store skurken frå krigane på 1990-talet, medan det har vore sett gjennom fingrane med overgrep frå andre partar. I Serbia er den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) oppfatta som partisk med éi norm for serbarar og ei anna norm for kroatar, bosniakar og kosovoalbanarar. I ein kommentar til avgjerda i ICI uttalte den serbiske justisministeren at dette var første gong eit internasjonalt organ hadde erkjent at Krajina-serbarane blei utsette for kriminell behandling. Tidlegare har det vore hevda at oppmodingar frå serbiske styresmakter utløyste masseflukta i august 1995. ## Normalisert forholdet

Uavhengig av — og trass i - saka som i årevis har versert for Haagdomstolen, har Serbia og Kroatia gradvis normalisert forholdet seg imellom. Dei to hersjefane møttest i Beograd i 2013 og drøfta utvida samarbeid. Flyselskapet Air Serbia opna i november i fjor første direkte rute mellom Beograd og Zagreb på 23 år. Kroatia har vore medlem av EU sidan 1. juli 2013. Serbia er akseptert av EU som søkarland og treng støtte frå nabolandet i vidare forhandlingar.

Men sett frå serbisk side er det framleis mange skjer i sjøen på ferda mot optimale relasjonar mellom Serbia og Kroatia. Dei mange flyktningane frå Krajina som lever i Serbia, opplever å ikkje få pensjon. Vil dei reise tilbake til heimstaden, støyter dei på byråkratiske vanskar knytt til bustad og kroatisk ID-kort. Kroatia har ei lov om rettar for minoritetar, som bl.a. inneber at i byar og kommunar der minst ein tredel av befolkninga er serbisk, skal offentlege skilt vere tospråklege; både ha kroatisk tekst med latinsk alfabet og serbisk tekst med kyrillisk alfabet. Slike skilt blir stadig rivne ned av kroatiske aktivistar. Og ikkje minst: For serbarane er det ein provokasjon at Kroatia har 5. august som offentleg helgedag til minne om Operasjon Storm i 1995.