Kjell Inge Røkke brukte ytringene «Je e forbanna», «je e irritert» og «je har itte tid» då han siterte hedmarksdialekten til næringsminister Sylvia Brustad på pressekonferansen 22. april. Per Kristian Foss var på pressekonferansen, og blei etterpå intervjua av NRK. Han meinte at Røkke la fram saka si på ein god måte, men «han kunne ha spart seg for å harselere med dialekten til næringsministeren».

På Dagsrevyen same kvelden hadde ein som overskrift på skjermen: «Røkke hermet etter dialekten til Sylvia Brustad.» Torsdagen etter Røkke-utblåsinga hadde dei fleste avisene utførlege kommentarar, ikkje berre til Røkkes analyse av dei økonomiske transaksjonane i saka, men også til Røkkes herming etter dialekten til Brustad.

Me kan undra oss over kvifor to-tre setningar på dialekt kan få slike oppslag i norske medium. Dei fleste som har kommentert desse replikkane, meiner at Røkke her gjekk over ei grense som ein til vanleg ikkje overskrir i ein samanheng som dette.

Eg vil her peika på nokre trekk ved det norske språksamfunnet som gjer at me kan få slike til dels sterke reaksjonar på noko som i første omgang kan sjå ut som ei lita fillesak. Som me veit er Noreg eit land som er kjent for å ha eit språkmiljø der det er lov til å bruka dialekt i alle samanhengar. Dialektane har høg prestisje her i landet, og bruk av dialekt er godtatt på dei fleste samfunnsområda. Endå til på talarstolen i Stortinget er bruk av dialekt heilt vanleg (eit særnorsk fenomen).

Ein stø dialektbrukar var tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen, som snakka sin hedmarksdialekt fullt og heilt. Etter Røkke si utsegn på pressekonferansen gjorde Dagbladet (nettutgåva) eit intervju med nettopp Sigbjørn Johnsen. Johnsen sa han ikkje hadde mykje til overs for Røkkes dialektherming: «Det er noen anledninger det ikke passer, og den anledningen i går var ikke særlig passende.» Johnsen hevda vidare at ein ting er å bli gjort narr av på teateret, men ikkje i ein situasjon som dette. «Vi får prate med den dialekta vi har,» sa Johnsen på solid hedmarksdialekt til Dagbladet.

Unn Røyneland har forska på temaet språk og samfunn, og særleg med utgangspunkt i hedmarksdialekten. Til Dagbladet sa ho det som mange nok tenkjer: Dersom ein ikkje har fleire argument igjen, så kan ein gå til angrep på korleis ein person er kledd eller korleis vedkomande snakkar. Dialektsitata seier meir om Røkke som person enn om Sylvia Brustad. Å gripa til herming på denne måten, slår tilbake på Røkke sjølv, meiner Unn Røyneland.

Etter Røkke-utsegna blei også språkdirektør Sylfest Lomheim intervjua i fleire medium. Mange ville ha hans syn på dialektherminga til Røkke. Lomheim tok avstand frå slik parodiering. «Men parodi i underhaldning er noko heilt anna enn parodi i eit beinhardt politisk oppgjer,» hevda Lomheim.

Når Røkke grip til dialektherminga, så skjer dette med bakgrunn i at det i Noreg, som i dei fleste land, finst ulike haldningar til ymse språkvariantar. Det er ikkje så uvanleg å høyra at den og den dialekten er fin, medan ein annan blir sett på som stygg eller lite fin. Av og til kan det liggja estetiske vurderingar bak slike utsegner (t.d. klangfulle vokalar i Telemark), og ein skal ikkje sjå bort frå at det er slik for nokre menneske.

I fagmiljøa vil ein aldri bruka ord som fin eller stygg om dialektar. Ein vil hevda at vurderingar av dialektar ikkje har utgangspunkt i språket sjølv, men i vurderingar av og haldningar til dei som brukar språket (Omdal 1978 og 1982). At haldningar til språk ikkje har rotfeste i sjølve språket, ser me i eit svært aktuelt eksempel: Dialektforma «je» som Sylvia Brustad brukar, har negativ og bondsk klang for mange i Oslo, medan same forma «je» høyrer til finspråket i Stavanger!

I tradisjonelle undersøkingar om språkhaldningar finn ein ofte eit mønster: Dialektar som skil seg mykje frå bokmålet, blir vurdert positivt, som eksotiske eller morosame, medan dialektar som liknar på bokmålet, men som likevel avvik på sentrale punkt (t.d. je og itte) blir rekna for stygge og vulgære. Eit anna mønster som ofte kom fram i tidlegare granskingar, var at talemålet i områda rundt byane blei vurdert negativt av innbyggjarane i den nærliggjande byen. Målet i Østfold, på Toten og Hedmarken hadde (og har?) såleis negativ klang hos mange Oslo-folk.

Negativ stempling av nabodialektar til byen har sin bakgrunn i eit økonomisk konkurranseforhold mellom by og land i eldre tider. Når nordnorske dialektar tidlegare hadde negative assosiasjonar i Oslo, så heng det saman med at folk frå Nord-Noreg flytta til hovudstaden i tiåra etter krigen. Dei fekk seg ofte jobb i lågstatusyrke, og dermed fekk også dialekten deira låg status.

At måla på det flate Austlandet kjem dårleg ut, er ikkje noko nytt. I 1835 var det ein innsendar i Morgenbladet som hevda at dei fleste norske dialektar «selv i dannede Menneskers Mund, have noget Haardt, Raat, Kantet og for det finere Øre Stødende». «Især er dette Tilfældet med den Dialect, der tales i og om Christiania og overhovedet paa Øst— og Oplandet.»

Tilbake til Sylvia Brustads hedmarksdialekt. Kva er det folk assosierer med hedmarksdialekten? Den første assosiasjonen mange vil få, er nok at hedmarkingane er solide og arbeidssame folk. Denne meininga har ein ikkje minst på grunn av Sigbjørn Johnsens posisjon i den allmenne samfunnsdebatten. Men det kan også snika seg fram assosiasjonar til det trege, det enkle, det bondske og til og med det udanna (slik tilfellet er for mange dialektar). Her er det at Røkke slår til: Han ønskjer å framstilla Brustad som for enkel og bondsk til å kunna følgja med i ein moderne og komplisert finansverden.

Til slutt vil eg nemna ein annan faktor i dette bildet, og det gjeld identitet. Den personlege identiteten vår er i høg grad knytt til talemålet vårt. Me viser kven me er gjennom det talemålet me brukar, og kva me står for. Ofte er dialekten ein arv me har med oss frå barndom og oppvekst. Å gjera narr av talemålet vårt er å gjera narr av noko av det mest private me har, det er å driva ap med kjernen i personlegdomen vår. Folk flest veit at det er slik, og det er med dette som utgangspunkt at Røkkes dialektparodi blir betrakta som både upassande og krenkande.