Me er blitt eit reisande folk. Når nordmenn skal ha ferie er det mange som reiser i vårt eige land. Men det er også svært mange som legg turen til utlandet, gjerne til Spania, Italia, Frankrike eller meir fjerne strok. Det er også blitt nokså vanleg at norske bedrifter og offentlege institusjonar legg personalseminara sine til utlandet.

Når me er ute på reise synest me at det er fint å møta kulturen og språket i dei landa me kjem til. Frå Kristiansand er det kort veg til kontinentet. På under tre timar er me i Danmark. Også Danmark er for oss eit «anna» land. Me møter ein natur som er annleis, me møter ein annan byggeskikk og så bortetter. Mange kulturelle skilnader legg me også merke til. Ein spesiell tanke slår ofte ned i oss kvar gong me kryssar Skagerrak: Me har ei klar kjensle av å vera i utlandet, men likevel forstår me språket.

Det er ikkje sjølvsagt at alle forstår kvarandre i Norden. Finsk, islandsk og samisk er ei sak for seg. Men heller ikkje kommunikasjonen mellom svenskar, danskar og nordmenn er alltid uproblematisk. Styresmaktene i dei skandinaviske landa har lagt opp ein språkpolitikk der ein støttar tiltak som kan stimulera til samhald og rik utvikling av dei nordiske språka. Ein har sett det som viktig at dei skandinaviske språka står saman i kampen mot den anglo-amerikanske påverknaden.

I 1978 blei «Nordisk språksekretariat» oppretta, eit fellesnordisk organ med kontor i Oslo. Dei viktigaste oppgåvene for dette sekretariatet var mellom anna å prøva å hindra at språka i Norden glir lenger frå kvarandre, ved for eksempel å arbeida for at dei tek opp nye (engelske) ord på lik måte, det vil seie med lik skrivemåte. Vidare skulle sekretariatet arbeida for at den gjensidige forståinga mellom språka blir betre. Nabospråksundervisninga på alle utdanningssteg skulle styrkast. I 1997 blei Nordisk språksekretariat nedlagt og erstatta av Nordisk språkråd (seinare omdøypt til Nordens språkråd). Det nye språkrådet har mellom anna til oppgåve «att stärka de nordiska språkens ställning i och utanför Norden» og «ta initiativ för att stärka språkförståelsen och språkgemenskapen i Norden och stärka ställningen för Nordens språk inom och utom Norden».

Når det gjeld nabospråkforståing, har undersøkingar dei siste ti åra gong på gong vist at nordmenn både forstår og blir forstått betre enn både svenskar og danskar i nordiske kontaktsituasjonar. Arne Torp (2004) har studert nabospråksfortståinga i Norden. Han ser det som heilt naturleg at det er me i Noreg som klarer oss best i grannespråkstestar. Han meiner at dette heng saman med både geografi og språkhistorie. På grunn av Noregs geografiske plassering saman med Sverige på den skandinaviske halvøya er det naturleg at talemålet i Noreg og Sverige er veldig likt. Me har i store trekk same uttalen av orda. Dansk uttale, derimot, skil seg ganske mykje frå både norsk og svensk.

I Noreg har me svært mange ord felles med danskane. Grunnen er at me i 400 år hadde politisk og kulturelt fellesskap med Danmark. I unionen var me den svake parten. Dominerte grupper lærer som kjent språket til dei dominerande lettare og ivrigare enn omvendt. Norsk bokmål har som skriftmål mange felles trekk med dansk, noko som også hjelper til i språkforståinga. Reint allment kan me seia at me har uttalen felles med svenskane og orda felles med danskane. Svenskar og danskar må slita med både uttalen og ordforrådet når dei skal forstå kvarandre.

Når me er dei beste i Norden til å forstå naboane, heng dette også saman med heile språksituasjonen i vårt land. Me er vane med språkleg variasjon på ein heilt annan måte enn svenskane og danskane. Me har to målformer i skrift, bokmål og nynorsk, medan svenskar og danskar bare har eitt nasjonalmål. I Noreg brukar me dialekt i mykje høgare grad enn det danskane og svenskane gjer. Hos oss er dialektbruk godtatt på dei fleste samfunnsområda og i dei fleste situasjonar. I Sverige og Danmark dominerer det nasjonale standardtalemålet, her er det lite bruk av dialektar. Fordi nordmenn er vane med variasjon både i tale og skrift, har me også langt betre føresetnader for å meistra den situasjonen me opplever i møtet med dansk og svensk (Torp 2004).

Ei stor undersøking på 1970-talet utført av pedagogen Øivind Maurud viste at svenskane var mykje dårlegare til å forstå dansk og norsk enn danskar og nordmenn til å forstå svensk. Nokre meiner at dette var eit utslag av storebrorkomplekset; svenskane gadd ikkje bry seg med å forstå sine veslebrør. At nordmenn og danskar kom ut betre enn svenskane, kan også skuldast det faktum at folk i Oslo og København på 70-talet var flittige brukarar av svensk tv.

Ei ny stor nabospråksgransking, «Internordisk språkforståelse i en tid med økt internasjonalisering» (2002-2004), har henta informantar frå fleire byar i dei tre landa. Også i denne granskinga kjem nordmenn ut som klart nummer éin når det gjeld å forstå naboane. Men denne gongen er det danskane som gjer det dårlegast, fortel Arne Torp (2004). Ei litt dramatisk forklaring på dette kan vera at danskane nå vender Norden ryggen og bare ser mot resten av Europa. Ser ein nærare på resultatet i kvar av dei store byane i dei tre landa, ser ein at det på nytt er Stockholm som kjem dårlegast ut. Ingen stader i heile Skandinavia forstår dei unge (gymnasiastane) så lite dansk som i Stockholm. Eit interessant poeng for oss er at nynorsk blir forstått betre enn bokmål i Sverige. Dette er eit resultat stikk i strid med den seigliva myten i Sverige om at «nynorskan är obegriplig».

Det er ein sterk politisk vilje i dei nordiske landa til å halda saman. Politikarane i kvart land ønskjer å legga forholda til rette for å styrka dei språklege og kulturelle banda. For dei nordiske språka er det viktig å stå saman når presset frå engelsken aukar. Men som me har sett mange gonger før, det er ikkje lett å styra korkje språket eller språkbrukarane. Det må ha ein nytteverdi å forstå nabospråka våre. Det kan vera at me ikkje alltid ser denne verdien.