Viss du tvilar på det bør du lese vidare. Heilt frå starten i 2013 har den blå regjeringa gjennom skattekutt til dei rike senka fellesskapets årlege inntekter med heile 18 milliardar. I tillegg tok dei 6,7 milliardar frå oljefondet. Alle desse pengane kunne vore brukt til velferd for mange. Mykje av pengane er tatt frå middelklassen ved at desse fekk meir skatt, medan dei rike fekk mindre. H/Frp påstår at det blir fleire arbeidsplassar av slikt, men vi kan ikkje stole på dei i denne saka. Det viser nokre milliardærar som trufast røystar på, og støttar H/Frp ved valg: John Fredriksen, Odd Reitan, Stein Erik Hagen, Kjell Inge Røkke , Trond Mohn, Katarina G. Andresen.

Skattekutt av dei blå

Kjell Inge Røkke Foto: NTB Scanpix

Noregs tusen rikaste har i gjennomsnitt fått opp mot ein million i skattekutt av dei blå. Kort sagt, desse, og mange fleire rikingar betalar mest ikkje skatt fordi dei støttar dei blå med pengar ved valg. Slik kjøper dei seg liten skatt. H/Frp er difor dei rikes parti. Slik blå brutal omfordeling av skattar fører til uheldige skilnadar mellom folk, det skapar klassar, høge og låge.Dei fleste velgarar har eit særskild politisk parti dei røystar på ved val. Somme røystar på KrF i den tru at dei skal koma til himmelen. Gardbrukarar røystar på Senterpartiet for å få betre kår, og børsspekulantar og næringsdrivande røystar på H/Frp for å få mindre skatt. Men det er eit problem at somme heilt vanlege folk er blitt lurt til å røyste på H/Frp — sjølv om dei ikkje er rike. Desse vert stemmekveg for rikingane.

Difor må vi kaste H/Frp

Tal frå tenketanken Manifest Analyse viste nyleg at eit stort fleirtal av nordmenn er villige til å betale meir skatt for å sikre gode velferdsordningar. Etter dette har dei blå tala lite om «skattelette» - dei gøymer bort ordet.

Noreg har hatt mange sosialdemokratiske regjeringar, og er ofte blitt kåra til verdas beste land å bu i, men så kom den blå regjeringa i 2013 og vil kaste rundt på dette. Då kan det berre gå ein veg: Nedover. Difor må vi kaste H/Frp så fort som råd. Av økonomiske grunnar, som nemnt, men vi har også ein «utanriksminister» som tenkjer hjelpelaust einsidig. Han skapar kald krig. For han er Vesten plettfrie, alle andre er kjeltringar. Folk forstår at slik er ikkje verda!