Da må ho anten aldri ha høyrt kva eg har sagt, eller ha høyrt svært dårleg. Saka var oppe i fylkestinget i Aust-Agder 18. februar. Der sa eg at det viktige nå er å stå saman for å 1. få vegen ferdig så fort som mogleg for å hindre at enda fleire liv går tapt på den farlege dagens E 18 og 2. få bompengane såpass låge at det ikkje fører til at mange veljer å køyre den farlege og svingete Rv 410 langs kysten eller dagens E 18 i staden for ein ny E 18 like trygg som E 18 mellom Grimstad og Kristiansand.

Skitten retorikk fra Ap, KrF og Venstre

Vidare sa eg også da at utan å godta bompengar vil vi aldri få den nye vegen, og at det står mange andre vegprosjekt i kø landet rundt for å overta plassen vår fremst i rekka. Eg tilrådde at vi alle samla oss om likelydande vedtak, både i Tvedestrand kommunestyre, Arendal bystyre og i fylkestinget. Eg kritiserte ingen.

— Blir så dyrt at mange bilister ikke vil bruke veien

Venstres mål er ein trygg, trafikksikker veg. Venstre vil framleis også arbeide for ein kystnær jernbane for å få trafikken enda tryggare og enda meir miljøvennleg. Alt dette kan Silje Flaten Haugli få stadfesta ved å spørre dei Frp-representantane som var tilstades i fylkestinget, eller ho kan spørre dei 31 andre representantane, tilhøyrarane eller journalistane som var der.