Redaktøren og redaksjonen i vår lokale monopolavis er for tung på labben, blei det sagt. Eg har sjølv produsert mange skarpe innlegg med angrep på redaksjonelle synspunkt i Fædrelandsvennen, og eg irriterar meg ofte over at redaktøren stadig lar seg rive med av eigen retorikk. Men når det er sentrale maktutøvarar på Agder som entrar pallen i rolla som offer, er det fare for at vi avsporar debatten om media si rolla. Ein skarp tone kan skremme folk frå å delta i samfunnsdebatten. Men det første vilkåret for debatt er at sakene blir dradd ut frå dei lukka rom og fram i lyset, og det er ikkje alltid like lett. Dei som vel å utøve makt i dei lukka rom, må ta sin del av ansvaret for dei feil som oppstår i denne prosessen.Makt blir i stadig større grad flytta frå demokratisk valte organ til formelle og uformelle maktsentra med varierande grad av offentleg innsyn. Eksempel på dette er omorganiseringa av sjukehusa, salet av Agder Energi, innføring av bestillar— utførarmodellen i Kristiansand kommune og overføring av makt frå bystyret til Kristiansand kommunale energiverksstiftelse. Ingen hadde tenkt på å vedtaksfeste opne møter i energiverksstiftelsen før SV foreslo det i bystyret. Samtidig som mange krev meir evaluering med offentleg innsyn blant anna i skolen, flytter makta inn i lukka rom og klagar på pressa når den prøver å finne ut kva som skjer. Det beste tiltaket for å hindre feilinformasjon, er å flytte makta tilbake til demokratiske organ i det offentlege rom. Då har vi som utøver makt, feia for vår eiga dør og kan med langt større autoritet stille krav til media. Vi treng ein diskusjon om media med fokus på tema som monopolisering, tabloidisering, personfokusering, kampanjejournalistikk og overtramp mot individ og grupper. Men fokus på maktutøvarar som offer med fare for indirekte å støtte maktutøving i lukka rom, er ikkje den viktigaste innfallsvinkelen til debatten om media.