Agder er den fremste og mest spennande industriregionen i Noreg. Men storparten av den teknologiske og industrielle forskinga her i landet blir utført i andre regionar. Det er gode grunnar til å stille spørsmål ved om dette er samfunnsøkonomisk optimalt. Agder har potensiale til å bli ein viktig region for utvikling av berekraftig teknologi som kan møte dei utfordringane vi står overfor, ikkje minst når det gjeld klimatrusselen. Men ei slik utvikling skjer ikkje av seg sjølv.

Som politikar og som fagperson har eg ofte fått høve til å fortelje om Agder i forsamlingar med folk frå heile landet inkludert maktapparatet i Oslo. I slike situasjonar lar eg sjeldan ein sjanse gå i frå meg til å presentere ein oversikt over norsk fastlandseksport fordelt på fylke. I 2007 trona Agder på toppen saman med Hordaland. Dette har vist seg å vere nye og svært overraskande opplysningar i alle forsamlingar, politiske så vel som faglege.

Den manglande kjennskapen til industrien på Agder skuldast nok ikkje berre dårleg handverk av dei som representerer regionen i hovudstaden. Industrien på Agder er internasjonalt orientert og har hatt lite behov for kontakt med styresmakter og regionale aktørar. Men dette er i ferd med å endre seg. Oppgangstidene med behov for arbeidsinnvandring og press på bustadmarknaden har synleggjort behovet for samhandling med regionale styresmakter. Og finanskrisa som skapte akutt behov for utvida eksportkreditt, viste tydeleg at det er behov for samarbeid med nasjonale styresmakter.

Dette er ei utvikling som vil halde fram. Finanskrisa har gitt dei mest rabiate marknadsliberalistane eit skot for baugen og vist at det er behov for offentlege reguleringar og ein aktiv næringspolitikk. På lengre sikt vil klimakrisa med sine omstillingsbehov forsterke denne utviklinga. Nasjonale styresmakter og internasjonale organisasjonar vil sette i verk ulike tiltak for å redusere klimautsleppa. Nødvendige omstillingar for å tilpasse seg denne utviklinga vil krevje både offentleg og privat kapital og innsats.

På tross av at Sørlandet og Vestlandet er dei dominerande industriregionane her i landet, er det aller meste av den offentleg finansierte forskinga innan teknologi lokalisert til Trondheim som ligg i eit industrifattig fylke. Det er fleire grunnar til å stille spørsmål ved om dette er ein gunstig situasjon sett i lys av dei utfordringane vi står overfor nasjonalt og internasjonalt. Noreg er eit lite land i ei verd med stadig sterkare konkurranse. Derfor er det forståeleg at vi har satsa på å bygge sterke kompetansemiljø som er over kritisk minimum og kan markere seg i ein internasjonal samanheng.

Men konsentrasjon og kritisk storleik er ikkje det einaste relevante momentet i nasjonal kompetansebygging. Når det gjeld teknologisk og industriorientert forsking er det også viktig å sjå på nærleiken til industriell utvikling og produksjon. Eit av fleire eksempel på dette er Elkem forsking. Utan dette forskingssenteret med sin nære kontakt med eit eksisterande produksjonsmiljø og etablerte kunderelasjonar er det slett ikkje sikkert at vi hadde hatt Elkem Solar i dag.

Det blir ofte peika på at Noreg brukar mindre ressursar til forsking og utvikling enn andre land som det er naturleg å samanlikne seg med, og det er spesielt den næringslivsfinansierte forskinga som ligg etter. I ein slik situasjon skulle ein tru det var viktig for styresmaktene og dei etablerte forskingsmiljøa å hjelpe fram aktive forskingsmiljø i område med eit dynamisk næringsliv. Men slik er ikkje situasjonen. Den er snarare tvert i mot.

Då Universitetet i Agder for ei tid sidan skulle bygge opp kompetanse for å tilby masterutdanning og forskarutdanning i IKT, måtte universitetet gå over Skagerak til Aalborg Universitet for å få gode samarbeidsavtaler. Det verkar ofte som om dei etablerte makt— og kompetansemiljøa i Noreg er skeptiske til nye initiativ av redsel for at kaka skal bli delt på for mange. Men dette er ei gal problemstilling. Vi snakkar ikkje om å dele ei gitt kake, men om å trekke inn nye aktørar og problemstillingar for å legge nye lag på kaka til beste for alle, også dei etablerte kompetansemiljøa.

Mange trur at dei nye regionale forskingsfonda skal løyse litt opp i den tradisjonsbundne fordelinga av forskingsaktiviteten her i landet. Men utviklinga kan lett bli den stikk motsette. Gjennom denne ordninga vil vi få spreidd ein del forskingsmidlar fordelt etter storleiken på regionane. Men ordninga kan lett bli brukt som eit nytt argument for at alle dei store nasjonale satsingane må plasserast i Trondheim eller Oslo.

Forsking er ein viktig basis for politikkutvikling. Det politisk ønskjelege må prøvast mot det mogelege, og ulike konsekvensar må vurderast. Ikkje minst klimautfordringane stiller store krav til teknologisk nytenking og politisk handlekraft. For å få synleggjort det politiske handlingsrommet er det nødvendig med ulike innfallsvinklar. Derfor er det viktig med meir enn eitt fagmiljø som har tyngde til å bere fram nye idear og delta i samfunnsdebatten. Skal dette skje, må sentrale styresmakter endre sin politikk og aktivt støtte ei slik utvikling. Eg er ikkje i tvil om at det vil vere til det beste, ikkje berre for Sørlandet, men for heile landet.

Agder er ein dynamisk industriregion med utfordringar og omstillingsbehov. I dag er det finanskrisa som dominerer mediebiletet. Men på lengre sikt er det tilpassing til eit klimavennleg samfunn som vil skape omstillingsbehov. Nettopp i ein region med ein innovativ industri med mange utfordringar burde det vere samfunnsøkonomisk riktig å bruke nasjonale forskingsmidlar for å utvikle teknologi og kompetanse for framtida. I tillegg veit vi at Sørlandet tradisjonelt har god kontakt med Danmark, Tyskland og andre land i Europa der ein har satsa langt meir på fornybar energi enn i Noreg.

Sørlandet har derfor potensiale til å bli ein viktig region for berekraftig teknologiutvikling. Men det krev at nasjonale maktsentra vågar å tenkje nytt. Og det krev at dei som representerer Agder i ulike fora, kjenner sin region og løftar fram slike visjonar til beste for Agder og for heile landet. Det er langt viktigare enn å leite etter nye hippe slagord for landsdelen.