Politidirektør Ingelin Killengreen gjekk ved årsskiftet ut i Aftenposten og ville ha færre politidistrikt. Ho meinte at det var naudsynt å redusera talet på distrikt og dermed sentralisera politi-Noreg, fordi det vil gjera det lettare å ta knekken på austeuropeiske bandar og andre organiserte kriminelle.

Justisministaren var raskt ute og støtta politidirektøren sitt ynskje om færre politidistrikt. Politiets Fellesforbund gav omtrent like raskt uttrykk for at me er ueinige.

Det er ikkje mange år sidan norsk politi var gjennom den mest omfattande organisasjonsendringa nokon gong. I samband med politireforma vart tal politidistrikt kutta med omtrent halvparten til totalt 27 distrikt. Etaten er framleis prega av «reformslitasjen». Sidan 2001 har det meir eller mindre vore samanhengande reformer.

Kva er hovudmotiva for alle omstillingsdebattane? Er det politifaglege vurderingar, er det publikum sitt behov som står i fokus eller er det økonomi?

Politiets Fellesforbund meinar at det i hovudsak er kravet om meir effektivitet og å få meir att for kvar krone som ligg bak. Utspelet frå politidirektøren og justisministaren må sjåast i den samanhengen. Kommentarane vitnar om ein justisministar som førebur seg sjølv og etaten på mindre pengar i åra som kjem. Den politiske bodskapen frå justisministaren var lite offensiv.

Noreg har i dag eit særs desentralisert politi, det har brei politisk forankring. Alle offentlege dokument og politiske debattar dei siste 20-30 åra har slått ring rundt nærpolitiet. Trass i det har ein dei siste åra sett meir og meir sentralisering. Lensmannskontor vert lagt ned og slått saman til store kontor.

Som Sunnmørsposten skriv: «…det er eit faktum at det er kvardagskriminaliteten som uroar innbyggarane mest. Det er langt frå alt av dette som skriv seg frå utanlandske bandar. Det som også uroar folk flest er at dei slit med å få tak i politiet når dei har bruk for hjelp. Utrykkingstida går opp og oppklaringsprosenten ned. Det bidreg til å svekke trua på politiet som ein reiskap for lov og orden og rettferd. Vi tviler på at den trua blir gjenoppretta ved å sentralisere politiets kommandosystem endå meir.»

Politiets Fellesforbund meinar at det politiet treng no, ikkje er ein reform med store samanslåingar av politidistrikt eller lensmannskontor, sjølv om ein sjølvsagt ikkje kan utelukka små justeringar basert på lokale tilhøve. Dersom ein skal sjå på reform og utviklingsarbeid, må det vera ein «samhandlingsreform».

Hovudpoenget i ein slik reform er å utvikla samhandlinga og informasjonsutvekslinga både internt i etaten og mellom politiet og andre aktørar. Etaten er prega av at datasystem ikkje pratar med kvarandre, og at informasjon og opplysningar frå eit distrikt ikkje vert overført eller gjort tilgjengelig for andre distrikt. Dette er ein sentral del av forklaringa på kvifor til dømes lommemann-saka ikkje vart løyst tidlegare.

Eit anna poeng er å fokusera på leiarrolla. For å få til samhandlinga mellom politiet og verda utanfor, treng politiet leiarar som ser verdien av å vera ein aktiv samarbeidspartnar med andre sentrale aktørar i samfunnet. Då treng ein leiarar som ser behovet for å kommunisera og spela på lag med befolkninga. Og ein treng leiarar som kan fronta justispolitiske problemstillingar i samfunnet. Slik samhandling er ein føresetnad for å gjera politiet meir effektivt.

Eit tredje poeng i ein slik reform er å utvikla nye målemetodar som underbyggjer samhandling og langsiktig arbeid. I dag vert politiet målt ut i frå sakshandsamingstid og kor mange saker dei oppklarar. Slike målekriterium fremmer ikkje dette. Dei gjer at ein konsentrerar seg om dei mindre sakene, som ein kan etterforska innanfor eige distrikt på kort tid. Dermed vert det straks mange oppklarte saker og fin auke i statistikken. Ein bidreg ikkje så bra til statistikken om ein fokuserar på kompliserte saker som krev samarbeid på tvers av distriktsgrensene og tek lang tid å etterforska.

Eit fjerde poeng er å gi større rom for lokale prioriteringar og fokus, basert på dialog med lokalsamfunnet via eit politiråd. I dag er det altfor mykje detaljstyring frå dei øvre nivåa. Det gir liten eller inga handlefridom for lokalsamfunnet til å velja skreddarsydde løysingar ut frå lokalkunnskap.

I tillegg må ein ha sterk fokus på kompetanseutvikling i politiet. Allereie i rapporten «Politi mot 2020» vert det avdekka eit stort behov for kompetansepåfyll på mange kriminalitetsområde, kulturforståing m.m.

Ved å fokusera på ein «samhandlingsreform» og nærpoliti kan ein koma langt på veg med å løysa ei av dei store utfordringane i dag: å få til eit velfungerande førebyggjande arbeid i ungdomsmiljøa, særleg med fokus på rus. Det betingar eit velfungerande politiråd, der politi, barnevern, sosialtenesta, representantar frå skulen m. m. diskuterar lokale utfordringar i ungdomsmiljøa og lokalt finn løysingar. Eit slikt godt fungerande politiråd får ein best til med eit nærpoliti.

Nærpolitiet kostar meir pengar, men samfunnskostnaden vert truleg høg på sikt om ein byggjer ned nærpolitiet.

Ein nærare avklaring av kva det inneber at me skal ha eit nærpoliti, fokus på informasjonsutveksling, og arbeidskultur vil vera eit stykke på rett veg for å gjera norsk politi betre. I større grad enn fokus på omorganiseringar i form av samanslåingar og enda meir sentralisering.