Den kristne guden er allmektig og allvitande, står det også. Likevel skjer det 400 katastrofer kvart år. Dertil kjem ei lang rad med krigar, terror, svolt, sjukdom og elende. Ja, viss han har all makt er han vond. Men all makt har han ikkje. Han har ikkje makt i det heile tatt. Vitskapen kan i alle fall ikkje bevise nokon gud, med eller utan makt, difor leitar dei ikkje etter nokon heller. Det fins ikkje eit einaste bevis på nokon gud. Men det fins eit tusental indikasjonar på at det ikkje fins nokon slik raritet.

Når Hagelia ikkje har eit einaste bevis på guden sin,finn han trøyst i Bibelen. Og i Bibelen hansstår det til dømes: «Gud sa». «Gud befalte». «Gud skapte» Det kunne sjå ut til at Hagelia’s gud har vore her på jorda? Spørsmålet blir då: Korleis såg han ut, kva språk skreiv han, kven har sett han? Faktum er at det er folk som har skrive kvar einaste bokstav i Hagelia’s bibel. Og kom ikkje trekkande med tøvet om at det er guds ande som fyller Bibelen. Likevel har sørlendingane lært grundig: «Les Bibelen, der står guds sanning». Kva ville Arnulf Øverland, Fritjof Nansen og Arne Garborg sagt om Hagelia’s artikkel?

Med det anser vi denne debatten for avsluttet. Red.