Det nærmar seg innspurten i kampen om parkeringskjellaren under torget, og tilhengjarane prøver seg med skremselspropaganda. Det vil bli dyrt, og kommunen vil misse truverde som avtalepart blir det hevda. Men kva med kostnadene for kommunen dersom parkeringsprosjektet blir realisert, og kva med truverdet til kommunen i klima— og miljøsaker.

Tilhengjarane hevdar at vi treng desse parkeringsplassane for å gjere det lettare å handle med privatbil i sentrum. Men samtidig diskuterer kommunepolitikarane kor mykje vi må auke rushtidsavgifta med for å redusere privatbilismen i samsvar med klimaavtalen. Vi snakkar gjerne om å bruke både pisk og gulrot i klimaspørsmål, men då for å nå same mål, eit betre klima. Her brukar vi pisk for å redusere privatbilismen og gulrot for å auke den. Det skal ikkje bli lett for Kristiansand og Harald Furre å reparere truverdet i miljøsaker etter å ha sabotert miljøbyarbeidet med offensiv tilrettelegging for eit privatbilbasert sentrum.

Men kva med kostnadene for kommunen dersom parkeringsprosjektet blir realisert, og kva med truverdet til kommunen i klima- og miljøsaker.

Forkjemparane for parkeringskjellaren skremmer med dei store kostnadene ved å stoppe prosjektet. Motstandarane må vise kvar dei skal ta pengane frå, blir det sagt. Men kva med kostnadene som kommunen pådrar seg ved realisering av prosjektet? Kommunen skal støtte prosjektet med 17 millionar kroner, og dei kommunale parkeringshusa vil tape fleire millionar kroner kvart år. Desse millionane får vel også budsjettkonsekvensar? Eller er det berre dei som kjempar mot parkeringskjellar som må vise dekning?

Det blir også hevda at det kan bli vanskeleg å heve kontrakten om parkeringskjellar. Dei som står bak parkeringsprosjektet, har framstilt det som om dei gjer byen ei stor teneste. Då er det vanskeleg å forstå at dei no skal setje seg på bakbeina om byen ikkje vil ha denne tenesta. Ein kan sjølvsagt seie at motstandarane burde ha stått hardare på før. Men demokratiet er no ein gang slik at haldningar endrar seg når ei sak kjem ut i det offentlege rom og blir belyst og diskutert. Tilliten til demokratiet blir svekka om nye politiske fleirtal ikkje kjem til uttrykk i praktisk politikk.