Førre året auka talet på nye føretak kraftig på Vestlandet. I fleire kommunar har ein mengde nye verksemder vekse fram. Årsaka? Kut i arbeidsstokken hjå offshoreindustrien, låg oljepris og nye åpningar for smarte idéar. Dette syner at det kan gå veldig bra med landet, sjølv om vi sluttar å vere avhengig av olja.

Noreg er velsigna med en solid økonomi og nokså låge skilnadar. Vi har ein lang og forblåst kyst, eit landskap med mangfaldig natur og industriell og teknologisk kompetanse i verdsklasse. Dette gir oss eit særs godt grunnlag for å skape eit næringsliv som ikkje står og fell på olja. Mangfaldige vilkår gjer ikkje eitt, men mange svar på spørsmålet: Kva skal vi leve av etter olja? Her er fem moglegheiter:

Fornybar energi. Kraft frå havvind, vind på land, sol og bølger er verdiar Noreg kan tene pengar på.

Fornybare ressursar. Alt naturen gjer frå sjø og land kan nyttas langt betre enn i dag gjennom nyskaping i jordbruk, havbruk og skogbruk.

Reiseliv. Her er det verdt å nemne at veksten allereie er godt i gang.

Landbasert industri. Her vil kunnskap frå dagens oljenæring komme godt med i framtida.

IKT og digital innovasjon. Særleg den høgteknologiske kompetansen vår frå oljenæringa vil komme spesielt godt til nytte i slike verksemder.

Poenget er at svara allereie finst. For å omstille næringslivet må vi no leggje til rette for denne rekordveksten i nye arbeidsplassar. Offentlige innkjøpsordningar må nyttas for å auke etterspurnaden av miljøvennlege varar og tenester. Vi kan innføre halv arbeidsgjevaravgift for nystarta føretak og gje same skattefordelar til Statkraft som oljeindustrien har i dag. Vi kan leggje et nytt skogprogram i Innovasjon Norge, gje meir investeringsstønad til lukka oppdrettsanlegg for fisk òg meir til.

Spørsmålet er om vi tør å gjennomføre ein verkeleg kursendring. Ein fortsatt einsidig satsing på eit fortsatt høgt utvinningstempo på norsk sokkel er ikkje bare eit feilspor. Det er ei sikker gift mot omstilling og nye arbeidsplassar.