Dei kjem med nye løysingar på vanskane landet står ovanfor. Sanders vil gjere det gratis å studere ved universiteta. Han peikar også på kor låge løner folk flest har i landet. Aksjeselskapa tenkjer berre på profitt og har lite omtanke for land og folk. Trump vil bygge ein mur mot Mexico. Mykje av narkotikaen kjem til USA frå Mexico. Og han får stønad frå fattige menneskje. Me må vere klar over at lågt lønte mexicanarar utfører mange jobbar i USA. Det er dei som haustar inn det meste av fruktproduksjonen. Sia dei er sesongarbeidarar, får dei dårleg løn og konkurrerer ut vanlege amerikanarar. Og då er det lettare å skjøne kvifor både Trump og Sanders for støtte frå dei ein minst kunne vente det frå.

Kjell Magne Bondevik

Og kva så her hos oss? Eg skal ta føre meg kjende utsegn frå norske politikarar.

Kjell Magne Bondevik skreiv under eit dokument som skulle få bort all mobbing i Noreg. Har mobbinga blitt mindre etter det?

Kristin Halvorsen skulle avskaffe fattigdommen med eit pennestrøk. Mislykka!

Jens Stoltenberg sa i 2005 at det skulle skine av eldreomsorga. I dag melder avisene at eldre får ikkje den hjelpa og det tilsynet dei treng.

Frp vil ha bort alle bomstasjonar. Talet har auka i regjeringstida deira.

Trine Skei Grande seier at dei nye asylsøkarane skal integrerast. Dei skal lære seg norsk og kome seg ut i arbeid. I dag er over 80.000 personar utan arbeid. Kva med dei som alt burde vore integrerte? Kvifor er under 40 % av folk frå Somalia i arbeid? Skal me takle betre 30.000 enn nokre få tusen? Trur Skei Grande på det ho sjølv seier?

Det kriminelle miljøet

Innvandrarar dominerer det kriminelle miljøet i Oslo.

Og til nå har ingen norske politikarar fortald oss kvar me skal ta pengane frå for å gjennomføre ein god asylpolitikk. Og ingen torer heller seie frå om kor mange me maktar å ta imot. Kvifor er dei redde for å seie sanninga?

Og så at dei rike blir rikare. Banken DNB hadde eit overskot på over åtte milliardar kroner. Dei skal seie opp 600 tilsette. Kvar er samfunnsansvaret til banken? Står aksjeselskapa utanfor ansvaret for eit samfunn?

Siste nytt er at asylsøkarar skal kunne arbeide til ei lågare betaling enn vanlege folk. Vil me at asylsøkarar skal bli våre mexicanarar? Billeg arbeidskraft som undergrev lønene me elles har. Å ha tillit krev at ein seier det som er sant. Mistillit kjem når politikarane fortel om eit glansbilete og ikkje seier kva som er sant.