Men no har problema fått dimensjonar som vi ikkje kan neglisjere. Media har løfta fram dei alvorlege konsekvensane for regionen og for den enkelte. Omstilling og grønt skifte har etter kvart blitt eit munnhell, men retorikk er ikkje nok. Det må handling til.

Agder har ei spesiell utfordring fordi næringslivet er dominert av oljeindustrien.

Agder har ei spesiell utfordring fordi næringslivet er dominert av oljeindustrien. Førebels kan det sjå ut som vi har klart oss betre enn Vestlandet og Rogaland. Men eg er redd at det ikkje er ein varig situasjon. Offshoreindustrien på Vestlandet har fleire bein å stå på, blant anna miljøvennleg skipsfart. Det blir spennande å sjå om dei tunge aktørane i offshorenæringa på Sørlandet også kan finne nye marknader for sin teknologi, eller om det blir nye bedrifter og andre bransjar som vil overta.

Legge til rette for ei brei omstilling

Alf Holemelid

Ingen enkeltsektor kan kompensere for den omfattande nedgangen i oljesektoren. Det realistiske alternativet for Agder er å legge til rette for ei brei omstilling. Det er mange gode grunnar til at fornybar energi og grøn teknologi bør vere ein sentral del av denne omstillinga. Skal vi tru på det Tine Sundtoft var med på i Paris, er det framtida. Det er på tide at vi får sparka i gang det grøne skiftet og utviklar eit næringsliv for eit miljøvenleg samfunn. Fornybar energi vil utan tvil ha ein sentral plass i den globale industriutviklinga dei nærmaste åra. Spørsmålet er kva posisjon Noreg og Sørlandet vil ta.

Ein seriøs politikk for grøn næringsutvikling omfattar langt meir enn energisektoren.

Noreg er rikt på vasskraft, og prognosane viser at vi får eit overskot om nokre år. Derfor er det mange som meiner at det er lite aktuelt å satse på andre fornybare energikjelder. Det er riktig at vår vasskraft reduserer behovet for andre fornybare energikjelder her i landet. Men dette er ikkje berre energipolitikk. Vi må også tenkje på fornybar energi som industri— og næringspolitikk. Det er liten tvil om at omstilling til energikjelder som sol, vind og bioenergi vil vere dominerande drivkrefter i internasjonal industriutvikling. Agder som teknologi- og energiregion må ta del i denne utviklinga.

Mange peikar primært på fornybar energi når dei snakkar om det grøne skiftet, men det er altfor snevert. Ein seriøs politikk for grøn næringsutvikling omfattar langt meir enn energisektoren. Eit miljøvennleg samfunn med lite utslepp av klimagassar vil sjølvsagt trenge eit mangfald av næringar. Miljøvennleg produksjon av varer og tenester vil bli eit viktig konkurransefortrinn i tillegg til å vere god miljøpolitikk. Dei som ikkje følgjer med på denne utviklinga er dømt til å tape på lengre sikt.

Rekordstor arbeidsløyse

Like etter tusenårsskiftet blei Agder, spesielt Grimstad, ramma hardt av krisa i telekombransjen. På den tida var eg dekan ved Fakultet for teknologi i Grimstad og følgde utviklinga på nært hald. Den kraftige nedbemanninga i fleire bedrifter førte til eit sterkt engasjement frå kommune, fylkeskommune og politikarar. Eg har eit inntrykk av at kommunesektoren og politikarane ikkje er like aktive i dagens krise som er langt meir omfattande. Det bør vere rom for eit meir konkret engasjement i ein situasjon med rekordstor arbeidsløyse.

I VINN-planen er framleis oljeindustrien omtalt som drivkrafta på Sørlandet.

Agderfylka har nyleg laga innovasjonsplanen VINN. Men den blei utarbeidd før oljekrisa var eit faktum. Spørsmålet er om den er relevant i dagens situasjon, og om den er tilstrekkeleg konkret til å dekkje dagens behov. I VINN-planen er framleis oljeindustrien omtalt som drivkrafta på Sørlandet. Det vil den kanskje vere framleis ei tid, men omstillingsbehova er no langt tydelegare enn då planen blei laga. Den endra situasjonen bør rettferdiggjere ei oppdatering og konkretisering av innovasjonsplanen i tett samarbeid mellom næringsliv, UiA og offentleg sektor.

Innovasjon skjer både i små og store bedrifter og gjennom nyetableringar. På ein del område er det svært ressurskrevjande å bringe fram ny teknologi, og det kan vere ein fordel at ei stor bedrift står bak. Derfor bør vi også legge til rette for innovasjon i etablerte bedrifter. Det er mykje fokus på risikokapital og rådgiving for gründerar, og det er bra. Men vi må ikkje gløyme at det i tillegg er viktig med risikolån til pilotering i etablerte bedrifter.

Etablere ei grøn næringsklynge

Agder har hatt god erfaring med etablering av næringsklynger - bedriftsnettverk som samarbeider med utdannings- og forskingsmiljø og med offentleg sektor. For å komme i gang med den langsiktige satsinga mot den grøne marknaden er det på tide å etablere ei grøn næringsklynge. Her kan fylkeskommunane spele ei viktig rolle slik dei har gjort ved etablering av andre næringsklynger i regionen.

Den rekordstore arbeidsløysa ser ut til å ha komme i skuggen av asylsøkjarar, kommunesamanslåing og motorvegplanar.

Den rekordstore arbeidsløysa ser ut til å ha komme i skuggen av asylsøkjarar, kommunesamanslåing og motorvegplanar. Men no er det på tide at næringspolitikken og arbeidsløya i regionen får førsteprioritet. Vi kan ikkje orsake oss med at den varsla krisa kom for brått på, eller vone at den går over av seg sjølv.