Planane for badeland på Tangen har versert i Kristiansand kommune i lang tid. Prosjektet er utvida i fleire omgangar, og det har no vore ute på anbod. Men då prosjektet blei diskutert i Byhallen for ei tid sidan, var det mange som fekk seg ei lita overrasking. Plan— og bygningssjefen kunne fortelje at hans etat og byutviklingsstyret enno ikkje har vurdert konsekvensane av det utvida prosjektet.

Dette er på mange måtar symptomatisk for arbeidet med byutvikling i Kristiansand kommune. Viktige planprosessar skjer ofte ad hoc og basert på kortsiktige økonomiske vurderingar i regi av Kristiansand eigedom og kommunalutvalet, ikkje som element i ei langsiktige byutvikling i regi av Plan- og bygningsetaten og byutviklingsstyret.

Gjeldande kvadraturplan blei vedtatt i 1999. Den er no i ferd med å gå ut på dato, og bystyret har bestemt at det skal utarbeidast ein ny. Mange store utbyggingsprosjekt ligg i løypa, og det er eit stort behov for ein grundig gjennomgang av trafikksituasjonen. Men før dette arbeidet har komme skikkeleg i gang, blir det lagt sterke føringar for utviklinga i form av enkeltprosjekt som til dels er i strid med gjeldande plan.

I kvadraturplanen frå 1999 står det om Tangen: «Omsynet til bustadutviklinga tilseier at ein i området ikkje tar sikte på publikumsintensiv verksemd som hotell- og serveringsstader». Dette ønskjer tydeleg vis kommunalutvalet å sjå bort i frå før ein har gjennomført den trafikkvurderinga som er tenkt å vere ein sentral del av den nye kvadraturplanen. Respekten for planar og planprosessar er tydelegvis ikkje stor når det står om økonomiske interesser.

Det er ikkje lett å få oversikt over den prosessen som har utvikla prosjektet til eit omfang som ser ut til å vere i strid med gjeldande kommunedelplan. Men studerer vi protokollar som vi kan finn på kommunen sine internettsider, ser vi at den er styrt av Kristiansand eigedom, Kristiansand næringsselskap og kommunalutvalet. I saksframlegget til byutviklingsstyret 29. januar står det blant anna: «I Kommunalutvalet 10.06.2008 blei det gitt føringar for vidare planlegging, utan at det blei fremme noko formell sak». I kommunalutvalet blei det i følgje saksframlegget til Byutviklingsstyret «opna for ein vesentleg auke av bruksarealet i forhold til gjeldande plan». I følgje protokollen frå kommunalutvalet 10.06.08 skjedde dette i eit lukka møte. Plan- og bygningsetaten deltok ikkje i møtet.

Badelandet på Tangen er ikkje eit enkeltståande tilfelle. Prosessen kring dette prosjektet er snarare eit eksempel på ein vedtaksprosess som gjer det vanskeleg å drive langsiktig byplanlegging i Kristiansand. Då eg for nokre år sidan var medlem av byutviklingsstyret, reagerte både eg og andre utvalsmedlemmar på arbeidsfordelinga mellom kommunalutvalet og byutviklingsstyret. Utviklingsprosjekt starta ofte i kommunalutvalet der dei forretningsmessige og ikkje dei planmessige aspekta stod i fokus.

Det var ikkje heilt uvanleg at det blei lagt inn reguleringsmessige føresetnader som skapte problem når saka kom til byutviklingsstyret. Kommunalutvalet er som kjent samansett av dei mest sentrale partipolitikarane. Eit vedtak der har derfor ein tendens til å bli førande sjølv om det blir fatta før dei byplanmessige og reguleringsmessige konsekvensane er formelt vurdert av fagetaten.

Ein effekt av denne arbeidsmåten er at eigedomsetaten i kommunen får ein uforholdsmessig sterk posisjon i høve til plan- og bygningsetaten. I kommunalutvalet der den tyngste partipolitiske makta sit, og der dei første premissane for prosjekta blir lagt, er det eigedomsetaten som legg fram sakene. Plan- og bygningsetaten og byutviklingsstyret kjem seinare på banen. Derfor kjem dei lett i ein situasjon der dei i etterkant må vurdere avbøtande tiltak eller avslag slik situasjonen er i saka om badeanlegg. Men det er ikkje alltid så lett når partitoppane i kommunalutvalet har bunde seg opp.

Forretningsmessige vurderingar og utvikling av økonomisk forsvarlege enkeltprosjekt er ein viktig og naturleg del av byutviklinga. Men det blir eit stort problem når enkeltprosjekt og deira kortsiktige kommersielle behov dominerer over den overordna og langsiktige byplanlegginga. Det er det ingen som er tent med i lengda, heller ikkje private aktørar eller dei som er sett til å ivareta kommunen sine økonomiske interesser.

Kristiansand kommune er inne i ein periode med sterk vekst og mange store prosjekt som vil endre byen for all framtid. I ein slik situasjon burde politikarane og administrasjonen legge ekstra stor vekt å styrke den langsiktige planlegginga og ta styring med utviklinga gjennom klare rammer for enkeltprosjekta. Kommunal eigedomsutvikling må vere ein reiskap for å realisere overordna kommunale planar, ikkje omvendt. Og privat eigedomsutvikling må få klare og langsiktige rammer for sin aktivitet.

Eg har lenge meint at kommunalutvalet bør leggast ned og arbeidsoppgåvene overførast til formannskapet og andre kommunale organ. Men om det ikkje er gehør for eit så radikalt forslag, så bør ein i alle høve ta ein gjennomgang av kva som skal til for å styrke den overordna og langsiktige byplanlegginga både administrativt og politisk. Tida er overmoden for å ta fatt i denne utfordringa.